Ei flukt frå språketKatrine Heiberg debuterer med dikt med nokre blussande, fine bilete.DiktKatrine Heiberg:
Katrine Heiberg debuterer med dikt med nokre blussande, fine bilete.
Katrine Heiberg skriv dikt i modernistisk stil.
Foto: Johannes Grytnes
Diktdebutanten Katrine Heiberg held seg til ei tilknappa poetisk form og skriv i ein klassisk, modernistisk stil. Ho er òg bokmeldar i Morgenbladet.
Berre nokre liner inn i opningsdiktet vert tematikken formulert i klartekst. Det dreiar seg om kjensla av tvang, at det ligg nokre grunnleggjande spelereglar i språket som eit individ ikkje sjølv kan bestemme. Desse føringane set tilhøvet mellom individet og språket, einsemda og fellesskapen i spel: «jeg kommer ikke utenom ordene/ jeg starter ikke i frihet// når jeg åpner munnen forsvinner jeg/ i alt som er sagt/ når jeg tier tar verden meg i besittelse».
Språkleg dilemma
Om ein kjenner seg totalt assimilert eller kolonisert av språket, er det kanskje like gale, men dersom ein først er språkbrukar, er det kanskje ikkje noko ein kan unngå. I dikta finst òg ei frykt for å verte gissel av språkbileta og sperra inne i dei litterære skildringane. Skulle det finnast ein stad kor dette er mogleg å gjere noko med, måtte det vere i lyrikken, der fridomen er så stor. Tradisjonelt er lyrikken staden for det personlege og subjektive blikket og for dei litt avvikande språkformene.
I Det gule bladet, den svarte pupillen vert det tydeleg at diktareget leitar etter vegar ut or det språklege dilemmaet, for her vert det støtt peikt på «øyeblikket/ som løsriver seg fra de andre», «grensene skal ryke», «det som skal komme», «verdensomsnuing» og «omkalfatring».
Fascinerande bilete
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.