Bok
Ei fløymande diktkjelde
Almanakk er ei kjelde av tanke-, gru- og gledevekkande dikt.
Håvard Rem er forfattar og journalist i Dag og Tid.Håvard Rem er forfattar og journalist i Dag og Tid.
Foto: Anna-Julia Granberg / BlunderbussFoto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Dikt
Det er åtte år sidan Håvard Rem gav ut den omfangsrike diktsamlinga 30–40–50 på Schibsted. I år er han tilbake på Cappelen Damm med si tolvte samling, Almanakk. Her er det eitt dikt for kvar av årets dagar frå 1. januar til 31. desember, til saman 450 sider. Dagane er markerte med tal og notat i margen. Ei mengd nasjonale og internasjonale hendingar i tillegg til internasjonalt vedtekne merkedagar har fått eigne dikt.
Likskapen med 30–40–50 er at Håvard Rem insisterer på at lesaren må vera open for eit vell av skiftande uttrykksformer: korte ordspel, uventa bøner, underfundige anekdotar, nidviser, haiku, songtekstar, kortdikt, kjente diktstrofer eller salmar som vert parodierte, balladar, stev og blues. Nokre få dikt er gjenbruk frå tidlegare bøker, og så får me formfullenda sonettar som eit kjærkome, tilbakevendande innslag. Inntakande vakre skildringar av årets gang kan brått skifte med sonettar om vald mot kvinner. Det er stram struktur i virvaret, men det er få grenser for kva som kan finne vegen inn i denne diktarens univers.
Skråblikk
I tillegg er dikta skrivne både på bokmål og på nynorsk, ja, innimellom òg på den særeigne syngjande dialekten som poeten har høyrt kring seg i oppveksten. Boka gir eit mektig inntrykk av overflod, av energi, av ei inderleg og langvarig glede over språket og diktinga. Her er skråblikk på menneskelege veikskapar, ofte med bitande sjølvironi.
Nokre vers er dikta i sinne og indignasjon over terror og nedverdigande handlingar mot sårbare menneske. Andre stadar rammar spydige diktkommentarar dobbeltmoral og inkonsekvens. Og Rem er ikkje den som held seg med eit sett føreseielege, korrekte haldningar og kan plasserast i bås eller bande. Uredd skriv han det han meiner, og det han ser. Ein kan vera samd eller usamd, men han gir det form og farge og skapar eit trøkk eller opnar for ein lått, slik at ein vert lysten på meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.