Bok

Ei ferd gjennom vestlandshus

Fortida møter framtida i boka om våningshus frå Jæren til Sunnmøre.

Garden Trong på Hjelmeland.
Garden Trong på Hjelmeland.
Publisert

Boka Vestlandshus med tekst av Eva Røyrane og foto av Oddleiv Apneseth, handlar om lemstovene. Frå mellomalderen av budde vestlendingane i røykstover i klyngjetun, så flytte dei frå desse små landsbyane på 1800-talet, tok med seg ei røykstove og ei bu, sette dei inntil kvarandre og bygde ein gang i reisverk imellom. Samstundes kom det skorsteinar, røyken innomhus forsvann og det vart mogleg å byggje i to høgder, med eit nytt øvre golv, kalla lemmen, som gjekk frå rom til rom i dei samanbygde husa, som då vart heitande for lemstover. Det er desse husa som no, ifølgje denne praktboka, har hamna på raudlista over utryddingstruga kulturminne.

Eva Røyrane voks sjølv opp i ei lemstove frå 1800-talet og opplevde korleis familien lengta etter noko større og betre. I 1968 greidde faren å realisere husdraumen. «Mamma gledde seg særleg over å ha fått bad, vaskerom og eige arbeidsrom. Bror min og eg fekk kvart vårt rom. Farmor flytta saman med oss, ingen lengta opp att til gamlehuset.» Det same hende på gard etter gard: Lemstovene vart rivne eller ståande til nedfalls og folk levde lykkeleg i dei nye moderne husa. Men så byrjar Eva Røyrane å skrive om livet til tidlegare generasjonar i gamlestova, og vidare attende til forfaderen Ingemar som bygde bua i huset på 1700-talet, så vakkert at eg nesten får tårer i augo, og eg skjøner at no lengtar Eva attende til lemstova.

Kime til konflikt

Lengtinga attende til dei gamle ubrukelege husa er eit særkjenne for vår tid. Hjå dei styrande kreftene vert det ikkje sjeldan tolka som eit brotsverk om du riv ei gamal lemstove. Det hjelper ikkje at ho er så kald og trong at du ikkje orkar å bu der. Her ligg det ein kime til konflikt mellom gamalt og nytt, og det er denne kimen Røyrane og Apneseth ynskjer å stogge gjennom foto og forteljingar om det lykkelege livet til moderne menneske i dei gamle stovene, der restaureringar og nye tilbygg gjev plass til både gamal prakt og store kjøken, vaskerom og eigne rom til borna.

Det handlar om å få folk til å sjå dei gamle stovene med nye auge, om korleis lemstovene bind oss til historia, samstundes som dei kan vere med på å auke livskvaliteten inn i framtida. Denne misjonsverksemda har eg tru på: Ikkje få kjem til å taste inn «lemstove» på Finn.no etter å ha lese boka.

Fleire av bileta til Oddleiv Apneseth fungerer som ei oppdagingsferd der eg ser innanfrå ei ombygd røykstove, med omn, møbler og detaljar i golvstrukturen, vidare til mellomgangen, der reisverket møter veggen til den gamle bua, før eg gløttar mot stolane i stova lengst vekke. Fleire hundreår med tradisjonar og ombyggingar kjem til syne i eit einaste fotografi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement