JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ei eventyrreise gjennom eit liv

Sissel Solbjørg Bjugn var dedikert til poesien. Ho levde i og gjennom diktinga si i samspel og venskap med mange andre diktande kollegaer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5752
20181207
5752
20181207

Dikt / Essay

Sissel Solbjørg Bjugn:

Sjonglering og bjugnlering. Dikt og tekstar i samling 1972–1999

Samlaget

Biografi

Tor Eystein Øverås (red.):

Skrive, teikne, røre og slåst!

Samlaget

Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011) eig ei av dei mest særeigne røystene i norsk lyrikk i moderne tid. Ho leika med orda, fletta inn sitat frå utanlandske poetar, frå sakprosatekster, reklamespråk og barnerim, ho vrei språket ut av lekk, men framfor alt åtte ho ein personleg tone som aldri vart privat, men som alltid greidde å fange opp det ålmenne, det eksistensielle og vesentlege.

Ho var eit leikande menneske og skreiv mange dikt for barn. Ho fekk ikkje barn sjølv, men skreiv slik i eit av gruvedikta sine:

Tenk å ha ein son

Sitjande opp på det gule panseret

så sakte skulle han kjøre

Gjennom ortane

Med glunten sin.

Tekstsamling

Samlaget gjev nå ut boka Sjonglering og bjugnlering. Dikt og tekstar i samling 1972–1999 og boka Skrive, teikne, røre og slåst! som er både eit biografisk riss av diktaren og ei samling av tekstar som ikkje er komne ut tidlegare.

Einar Økland innleier dikt- og tekstsamlinga med ein fin introduksjon der han skriv om den både fabulerande, surrealistiske, eksperimenterande og illustrerande sida av Bjugn. Tor Eystein Øverås, som kjende henne særs godt og hadde lange samtalar med henne dei siste tjue åra, fortel om livet hennar og syner fram breidda og mangfaldet i diktinga hennar.

Diktbøkene er som ei eventyrreise gjennom eit intenst liv, fylte med humør og skråblikk, sjølvironi, tvil og politisk engasjement for Alta og kvinnefrigjering. Dikta er farga av eit omflakkande liv – i Oslo og Bodø, Båtsfjord og Sulitjelma, det siste etterlét avtrykk av gruvegangar og gruvelykter, av ulykker og arbeidarkamp. Bjugn siterer frå engelske, fransk og norske diktarrøyster. Ho bruker tabuord på underliv og elskhug slik at ein kvepp, særleg gjorde ein det då dei fyrst vart publiserte, og ho er avgjort ikkje «mannfolks køyretøy», som ho skriv.

Debutantpris

Bjugn fekk Tarje Vesaas’ debutantpris i 1978 for Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar 1972–1977, som ho sjølv illustrerte med morosame teikningar. Eit av dikta handlar om den kjende franske postimpresjonistiske tollbetjenten og jungelmålaren Henri Rousseau, som aldri hadde vore i Afrika, men som skreiv dikt om jungelen likevel:

Han tørkar sveitten og ser opp på

Han tar den tjukke uniforma

Og dei tunge støvlane

av seg.

Bakom alle friske blad på tre i heile verda,

Bakom det svale bladverket

Til alle Frankrikes potteplantar

Mellom dei mørke, urørlege blada

Langt inne i de djupe Paris,

naken sit Henri Rousseau

på jungelsofaen sin

og drikk jungelvin

og luktar på

han nettopp måla

Etter uttrykket «ser opp på» i fyrste line har Bjugn teikna ei sol, og etter ordet «på» i nest siste lina har ho teikna ein blome. Tekst og illustrasjon går saman om å formidle bodskapen.

Arbeidardiktar

Samlinga Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! frå 1981 er runnen ut av røynsla hennar dei åra ho budde i Sulitjelma. Det er den solidariserande, venstreradikale arbeidardiktaren som fortel om arbeidet i gruva, om arbeidsvegen og dassen, om borehola og malmvogna, og om kven gruvearbeidarane eigentleg er. Ei samling i realismeteiknet, i skyld med Sara Lidmans gruvedikting.

Sissel Bjugn hadde publisert det meste av det ho skreiv på førehand i aviser og blad, slik at diktsamlingane vert ein presentasjon av mogninga som tida og opplevingar hadde gjeve henne. Diktsamlinga Bye, bye frå 1989 syner ei kunstnarleg vekst og eit personleg vågemot som utfordrar lesaren. I diktet «Heltinnetrinnet», skriv ho om kjærleik, utruskap og brennande kjærleik til elskaren sin:

Fin som ein malmbil i måneskin

Er du med mustasjebarten din

Det er ein lang diktsymfoni, der også engelske diktarsystrer lèt høyre røystene sine. Ho skildrar vond tyngsel av samvit, lindrande ekstase og vonlaus lengt etter barn. Det er eit av hennar finaste dikt, og det utfordrar med tabuorda, men syner fyrst og fremst alvoret i kjærleiken, hjarterytmen, ironien og den ufattelege og undertrykte sorga for barnløysa.

Kvinneleg pave

I Tornekysset frå 1992 samlar ho også tidlegare publiserte tekster, blant anna «Pave Julian dør», der ho sjølv blir valt til den fyrste kvinnelege paven. Det er etsande ironisk mot pavekyrkja og kyrkjas fordomar mot det kvinnelege i tilværet. Og titteldiktet «Tornekysset» må vere eit av dei flottaste kyssedikta i norsk litteratur, og det uttrykker sprengande lengt etter den eksistensielle augneblinken ho aldri får oppleve.

Den siste samlinga, Depp frå 1999, som er sett saman av små dikt og diktbrokkar, kjem frå ein diktar i sjelenaud.

Callgirl var eg, om berre

eins. Ingen andre enn meg til

meins. Frå telefonen og rett

i dusjen. Nådd’ alltid ta på

kjolen, aldri augnetusjen

Ringtingingstaus, om berre

enn si. Meg sjølv til meins.

Olivenolje og tårer og eple-

eddik frå Heinz. Ringringring

ringtingingstausa. Ho gjer

det gratis.

Samlinga vart omtalt av få, og mest gløymd, men kan hende det mest vesentlege ho har skrive, om forspilt liv, om desperasjon og om avslutninga på livet:

Dø ein dag diverre må

Grethe Waitz og Lille Graah

Lille Graah, Lille Graah

Kristensen og Kyrkjebø.

Alle damer må jo dø.

Må jo. Må jo dø.

Kaufmann, Dickinson, Curie

Måtte dø. Ta mère aussi.

Mère au, mère aussi.

Princess, princess Di.

Det finst ikkje mange slike dødsdikt i norsk litteratur.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ho er avgjort ikkje «mannfolks køyretøy», som ho skriv.

Tor Eystein Øverås syner fram breidda og mangfaldet i diktinga
hennar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis