Musikk
Ei eventyrleg reise
Komponert og improvisert er kombinert på meisterleg vis.
Ingenting har prega verda meir det siste halvtanna året enn koronapandemien, og for Ingebrigt Håker Flaten må nedstenginga 12. mars ha kome som eit sjokk. I lang tid hadde han førebudd tingingsverket til Vossa Jazz som skulle urframførast 4. april 2020. Brått var alt uvisst. Til all lukke fekk han samla bandet i Studio Paradiso i Oslo 23. mars, og for ein gongs skuld kom plata før premieren på tingingskonserten.
Olsen og Flaten klappar det heile i gang med ei hylling til Austin, «Miles Avenue», før bassostinatet blir introdusert eit par minuttar ut i den oppjaga innleiinga. Både denne og hyllinga til Trondheim, «Brinken», med viktige klarinettmeldingar frå Nymo, har eit rastlaust rytmisk fundamentet under dei dvelande, ettertenksame temaa.
Låten til Oppdal, «Håkkåran», vekslar også i tempo og set innleiingsvis rampeljoset på Lønning og Jonsdottir, før Flaten og Grönberg vekslar om kora i ein sekvens som minner litt om uttrykket til den amerikanske kvartetten til Keith Jarrett. Det er ikkje tvil om at det er Chicago som får si entusiastiske lovprising i «A La Lala Love You».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.