Bok

Ei etterlengta og grundig historiebok

Denne boka bør lesast av den som interesserer seg for noregshistorie generelt, ikkje berre samisk historie.

Samisk historie frå helleristingsfeltet i Alta, som er på verdsarvlista til Unesco.
Samisk historie frå helleristingsfeltet i Alta, som er på verdsarvlista til Unesco.
Publisert

For sytten år sidan kom Lars Ivar Hansen og Bjørnar Olsens Samenes historie fram til 1750 – ein milepåle i Noregs historieskriving om samane. Vi har mangla ei bok som heldt fram forteljinga til våre dagar, men med Samenes historie fra 1751 til 2010 er ventetida endeleg over. Boka er grundig, har klar struktur, godt språk og velvalde illustrasjonar. Dette er ei viktig bok som er tilgjengeleg lesnad både for eit akademisk publikum og for andre.

Ein ambisjon med Samenes historie er å fortelje historia slik at samane sjølv står i sentrum: Forfattarane vil unngå ei offerforteljing som usynleggjer samane sine eigne handlingar og val. Boka drøftar utfordringane ved å fortelje historia om eit urfolk på ein sånn måte: Korleis få fram viljekrafta og aktiviteten til urfolket utan at lesaren taper av syne at staten reint faktisk overkøyrde urfolket og i stor grad tok frå dei høvet til å gjere eigne val?

Dette er kanskje spesielt viktig i kapittelet om 1917–1940, då tilhøva låg særleg dårleg til rette for samepolitisk verksemd i Noreg. Boka klarer i stor grad denne balansegangen.

Samtidig strekar boka under at ho stort sett handlar om samane på norsk side av statsgrensene som vart dregne gjennom Sápmi i 1751 (Danmark-Noreg mot Sverige) og 1826 (Sverige-Noreg mot Russland). Av og til blir situasjonen til samane i andre statar dregen inn – spesielt kapittelet om 1963–1990 skil seg positivt ut med tanke på dette. Kapittelet om 1917–1940 kunne derimot gjerne hatt med meir om dei spennande hendingane på russisk side i tidleg sovjettid. Men forfattarane har valt at dette skal vere ei bok først og fremst om samane i Noreg, og verket må dømmast ut frå den avgrensinga.

På overordna nivå handlar historia som trer fram, om korleis statsmaktene har utøvd noko denne meldaren vil kalle landrov og kulturutsletting, medan samane og deira allierte har arbeidd for at samane skal overleve som folk og kultur. Men boka gjer eit poeng av å gå djupare inn i materien, og då er verda alltid meir komplisert. Uventa enkelthendingar, individuelle strategiar, handlingar med ulike effektar på kåra til samane, gråsoner, variasjonar og historiske svingingar trer fram – utan at ein mistar den overordna forteljinga av syne.

Stadnamn og invasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement