Bok

Ei brennande kvinne i kald krig

Skrifter som opnar nye historiske rom, er som når sol fordriv tåke.

Kirsten Hansteen var med i regjeringa Gerhardsen som vart presentert på Slottsplassen 25. juni 1945.
Publisert Sist oppdatert

Livsprosjektet til Kirsten Hansteen (1903–1974) «ble slukt av en kaldkrigsbølge», skriv Margrethe Guldal Einarsen i biografien Våkne kvinner. Få av oss utanom historikarar kjenner til at ho i 1945 var den første kvinnelege statsråden i Noreg, og at ho same haust vart vald inn på Stortinget for NKP, Noregs Kommunistiske Parti.

Barnet Kirsten, fødd Moe, mista legefar sin som lita jente, og mora flytta frå Lyngseidet i Troms til Kristiania med fem barn. På Oslo katedralskole vart Kirsten del av ei gruppe ressurssterke elevar. Fleire av dei melde seg inn i studentforeininga Mot Dag, der målet var arbeidarrevolusjon i Noreg. Kirsten og systera Gerda vart med i 1926. Gerda møtte der sin komande ektemann: Karl Evang.

Akademisk arbeid

Karakteristikkar av Kirsten Hansteen fortel at ho var særs intelligent, hadde leiarevner og var samlande. Ho studerte blant anna tysk, russisk og historie. Ho var opptatt av Camilla Collett og skreiv om både henne og Aasta Hansteen, målar og samfunnsdebutant. Derfor intervjua ho juristen Viggo Hansteen om Aasta, som var grandtanta hans. I 1930 gifta dei to seg hos byfuten i Oslo. Men hovudoppgåva om Aasta Hansteen fullførte ho aldri.

Det første barnet kom i 1932, tvillingar i 1934. Gerda var utdanna lege, men begge søstrene var i periodar husmødrer. Ekteparet Hansteen førte eit liv med hyppige besøk av slekt og venner, særleg Karl og Gerda Evang og diktaren Nordahl Grieg.

Borgarleg liv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement