Musikk
Ei brat læringskurve
Filmmusikk som vil meir enn å vere filmmusikk.
Charlie XCX var ikkje skodd for skogstur.
Foto: Paul Kooiker
Britiske Charlotte Aitchison vart i 2024 eit slags allemannseige. Albumet Brat, eit visuelt limegrønt og lydleg tidsriktig fenomen, prega året og sommaren. Ikkje minst etter at ho «krona» presidentkandidat Kamala Harris med meldinga «Kamala is Brat». Faktisk vart det for mykje for henne sjølv, og på ingen måte tilfeldig at ho kom til filmfestivalen Sundance i januar med ein satirisk dokumentar, ein «mockumentary», om seg sjølv og «Brat»-fenomenet.
Som Charlie XCX debuterte ho med eit album kalla opp etter filmen True Romance, og ho har arbeidd mykje med musikk til både TV-seriar og filmar. Emerald Fennell, regissøren av ‘‘Wuthering Heights’’, bad berre om éin låt, men Aitchison vart så inspirert at ho skreiv tolv, og Fennell valde å ta åtte av desse inn i handlinga. Med eitt unntak kjem dei ikkje til sin rett imellom all, vel, lidenskapen på skjermen. Som eit eige elektro-popalbum gjer Wuthering Heights (merk at albumnamnet er utan dei doble gåsauga filmtittelen insisterer på) gode grep for å skilje XCX frå både Brat og film.
Sterkast er opningssporet «House», eit samarbeid med Velvet Underground-bratsjist John Cale, som les eit dikt oppå elektroniske rytmar og djupe bassar. Det skil seg verkeleg frå Brat, medan samarbeidet med Sky Ferreira mot slutten ser like mykje bakover som framover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.