Bok

Ei åndeleg reise

Bergakrypten er ei original bok som ligg litt utanfor vår kulturs mainstream, men nett difor set ho lys på kulturen på ein spanande måte.

Kan Skagen er forfattar, essayist og kritikar.
Kan Skagen er forfattar, essayist og kritikar.
Publisert

Då nyhendet om overfløymingane i Oslo vart spreidd i sommar, var det vanskeleg å ikkje tenkje på «karma». Nokre månader tidlegare hadde Noreg vedteke å opne for fleire oljefelt sjølv om ein veit at det gjødslar drivhuseffekten. Motivet er naturlegvis grådigskap, men kalkylen er meir avansert enn som så: Nordmenn veit at det er liten risiko knytt til å bli råka av tørke, rekordvarme og høgare havnivå.

Så viste det seg at vêrgudane hadde andre piler i korgene sine, og no slo dei til med styrtregn og stormar av bibelske proporsjonar.

Karma, som sagt.

Omgrepet misser likevel nokre nyansar. Av dei som fekk kjellaren sin fylte med vatn, fanst få ansvarlege politikarar og oljemogular. Derimot vart nokre av venene mine råka. Dei har ikkje tent pengar på oljen, men tilhøyrer dei som meiner han bør verte verande i bakken.

Sivilisasjonskollaps

Det religiøse språket har sine brestar, men kva skal vi elles bruke for å prate om den verda som no tek form? I dette usikre tilværet, prega av ekstremvêr og politisk kaos, kjem opplysningas rasjonelle diskurs til kort. Språket må fornyast, og i eit av dei mest interessante forfattarskapa i vår tid går ei slik søking føre seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement