Musikk

Egodriven pompøsitet

Oppstyret rundt Kanye West seier mykje om kjendiseri og marknadsføring, men musikken hans har ingenting å melde.

Publisert

Utgjevinga av Kanye Wests nye album, Donda, er omhylla av enorme mengder kjendiseri, kontrovers og konflikt. Det er god marknadsføring, og no skriv vi om det her òg. På Wikipedia er han, i tillegg til rappar og produsent, omtalt som businessmann, mellom anna, og kan hende er det meir forretning enn musikk han driv med.

Dei 27 låtane på Donda er iallfall jamt over gnålete og uinteressante. «Believe What I Say» er mildt fengjande, men det er på grunn av samplinga av ein klassisk Lauryn Hill-låt. «Off The Grid» har intrikate bassliner, men banal rap øydelegg. «Jail» er ein masete poplåt eg håper eg slepp høyre att.

Albumet er oppkalla etter Wests døde mor, men handlar om West sjølv. I opptak får vi høyre mamma Donda tale, og det ho talar om, er kor viktig og unik sonen er. Tekstane elles handlar oftast om Wests ego og sjølvforherlegande åndelegskap – vi får vite at West har gudemakt og drikk vievatn – eller om konfliktar i kjendismiljøet rundt han. Stundom, med soger om kvelartak og «tough love», vert det tilsynelatande argumentert for vald mot kvinner. Både den overgrepsskulda Marilyn Manson og valdsdømde Chris Brown har bidratt til musikk og marknadsføring.

Teikneserieforfattaren Alan Moore har samanlikna det å vere verdsberømt med utforsking av ukjent farvatn og åtvara om dei negative effektane kjendiseri og geniforklaring kan ha på den berømte. West har nok gått seg vill i det ukartlagde kjendisterrenget som har blitt tilgjengeleg i facebookalderen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement