Musikk

Effektfulle ekko

Václav Luks er ikkje nokon sentimentalist. Påskekantaten han dirigerte i Nikolaikyrkja, hadde driv frå byrjing til slutt.

Václav Luks dirigerer Collegium 1704 i Nikolaikyrkja i Leipzig.
Václav Luks dirigerer Collegium 1704 i Nikolaikyrkja i Leipzig.

Praha-orkesteret Collegium 1704, som Václav Luks dirigerer frå cembaloen, kjenner eg frå spanande innspelingar av ukjend bøhmisk barokkmusikk. Konserten med tittelen «Store, uttrykksfulle klagesongar» i Nikolaikyrkja torsdag 9. juni, baud på musikk av tre ulike «Bachar», som alle hadde Johann som førenamn (Johann var visst Bach-familiens yndlingsnamn).

Luks er ikkje nokon sentimentalist. Han føretrekkjer smal og konsis strykarklang, framføringar i friskt tempo og eit kor utan altfor mange songarar; det sistnemnde gjer det lett å «manøvrera» i raske korsatsar, som er Luks’ spesialitet.

Kor i løynd

Ikkje alle komposisjonane av dei eldre medlemene av Bach-familien var like interessante. Den mest særmerkte på programmet var Johann Bach (1604–1673), grandonkelen til Johann Sebastian, som kom frå Bach-familiens opphavsby Wechmar i Thüringen. Det spesielle ved sørgjemotetten hans Unser Leben ist ein Schatten for to kor, er at kor nummer to ifølgje partituret skal «stillast opp i løynd». Konsertgjengarane såg det altså ikkje, men høyrde det – indirekte, i form av effektfulle ekko.

Høgdepunktet var likevel J.S. Bachs Christ lag in Todes Banden, BWV 4, påskekantaten, som er ein av dei eldste og komposisjonsteknisk mest gamalmodige kantatane hans. Truleg er verket skrive som «prøvestykke» då han søkte på organistjobben i Mühlhausen i 1707, noko som kan vera grunnen til at musikken er så komplisert – søkjaren ville visa kva han var god for.

Luther-salme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement