Teater

East Side Story

T-banekulisse gjev rom for treffsikker «bydelsdramatikk».

Jenny Mueni Ndunda og Jydy Nyambura Karanja kjem i snakk med ein full mann på T-banerute 5.
Jenny Mueni Ndunda og Jydy Nyambura Karanja kjem i snakk med ein full mann på T-banerute 5.
Publisert

Den norske rap- og hiphopartisten Don Martin har alt i nokre år vore ein frisk og original samtidskommentator, ikkje minst i høve til tilpassingsproblematikken mellom dei kritkvite og dei ikkje-kvite i den norske storbyjungelen.

Stykket han no har skrive (saman med Zeshan Shakar) og opptrer i, presenterer nokre enkle, tiltalande kvardagsskisser av menneske på Grorud-bana, denne langstrakte T-baneruta som dreg seg som ein lang orm frå vest til aust og attende i hovudstaden vår. Dei reisande om bord er òg typiske døme på mangfaldet av menneske på denne ruta.

Det er ingen stor og lagnadssvanger dramatikk som går føre seg her, men vi får sjå og høyre korte møte, tilløp til konfliktar, tilløp til nye vennskap og tilnærmingar, alt med svært identifiserbar valør for dei som bur og går rundt i ein norsk storby – eller OK, Oslo, då.

Og samspelet mellom dei durkdrivne Det Norske Teatret-veteranane Marianne Krogh og Per Schaanning og dei unge, spontane aktørane med meir «ræppa» spelestil er stemt saman i ein forbløffande, overtydande heilskap.

Alle gjer det bra, men mykje kviler på Jenny Mueni Ndunda, som i dialog med venninne, med full mann og med tidlegare barnehagetante eksponerer ein heil liten skala av ulike inntrykk og uttrykk, ein frodig og sterkt appellerande prestasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement