Teater

Dystre teikn i fortida – og no?

Tidsbilete frå føydalt 30-talssamfunn gir nifs peikar til i dag.

Robert Skjærstad i rolla som fabrikkeigaren. Tom Styve spelar den undertrykte Sven.
Robert Skjærstad i rolla som fabrikkeigaren. Tom Styve spelar den undertrykte Sven.
Publisert

Då den populære Hans Alfredsson, halvparten av film- og revyduoen Hasse og Tage, kom med filmen Den enfaldiga mördaren i 1980-åra, var det eit lite kultursjokk for mange av oss. Vel kjende vi komikarane Hasse og Tage som samfunnskritiske, men dei var mest av alt morosame. Denne beintøffe skildringa av maktmisbruk og elende i Bygde-Sverige i 1930-åra var for eit norsk publikum eit velretta spark i jappetida. I dag er denne historia eit endå strammare apropos til nynazismen og det nymaterialistiske klassesamfunnet som ulmar i Skandinavia.

Teater Innlandet har gripe fatt i stoffet med ein meir stilisert dramaturgi enn i filmen. Det er naturleg nok: På ei scene, i eit ståande scenebilete, må ting forteljast annleis enn i ein film. Petter Næss har gitt godt spelerom for sterke, klåre og ærlege rollefigurar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement