Musikk
Dystert og friskt
Ævestaden byr på heavy folkemusikk med klassiske røter.
Ævestaden spelte på Hamar Teater i samband med Nordisk poesifestival – Rolf Jacobsen-dagene fredag 6. mars.
Foto: Tiril Rem
Etter at den norske folkemusikken nærast blei allemannseige, særleg blant yngre lydarar, med eit skikkeleg puff frå Tuva Syvertsen og hennar Blodklubb på Riksscenen i Oslo, har det dukka opp ei rekke moderne tolkarar av denne sjangeren.
Men det starta vel eigentleg lenge før Syvertsen starta klubben sin. Kanskje heilt attende til då bergensbandet Saft spelte «Fanitullen» med hardingfelemeisteren Sigbjørn Bernhoft Osa på Ragnarock-festivalen i Holmenkollen på 1970-talet.
Me fekk band som Folque, og for ikkje altfor mange år sidan blei bandet Gåte ei «landeplage» med sin rocka folkemusikk. I nabolanda Sverige og Finland har ein omtrent like lenge hatt ein rocka folkemusikk som har hatt stor suksess. I Sverige med band som Kebnekajse, Hedningarna og Nordan, og i Finland – min store favoritt innan sjangeren – Värttinä.
I den seinare tida har trioen Ævestaden blitt eit relativt stort namn innanfor sjangeren både her i Noreg og i nabolanda. Trioen med Kenneth Lien, Eir Vatn Strøm og Levina Storåkern lagar musikk som set seg fast i bakhovudet og blir der i lang tid. Ein kan samanlikne dei med svenske Hedningarna, særleg i dei låtane der instrumenteringa er tett og drivande. Men Ævestaden utmerkar seg i dei låtane der det vokale står fram som det viktigaste.
Nokon har samanlikna musikken med science fiction-diktet Aniara, forfatta av svenske Harry Martinson og utgitt i 1956, for både musikken og tekstane grev djupt i det undermedvetne.
Me får tolv låtar med forskjellig energi, tempo og driv, og alt er ikkje like dystert. Heile tida er det ein intensitet i det dei leverer, som gjer musikken original. Iblant kan det verke som om dette er tre musikarar som aller helst vil spele heavyrock, men som skjerpar seg kraftig for å skape den særeigne og utruleg vakre musikken me får på denne utgjevinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.