Film
Dum og dårleg
Talenta til topp skodespelarar blir kasta vekk i tullefilm.
Maggie (Diana Silvers) (t.v.), Erica (Juliette Lewis) og Sue Ann (Octavia Spencer) i den ferske skrekkfilmen regissert av Tate Taylor.
Foto: Anna Kooris / Universal
Mor og dotter (Silvers) flyttar til heimstaden mora reiste frå for mange år sidan. Dottera skal finne seg til rette på ny skule.
Då må ho drikke med kul ungdom. Dei får vaksne, snille Sue Ann (Spencer), til å kjøpe drikke. Ho blir brått meir hjelpsam enn det som er sunt. Etter mykje om og men skurrar ting skikkeleg.
Monstermobbing
Ein treng ikkje vere særleg skarp for å forstå at Sue Ann har opplevd noko mørkt i fortida med foreldregenerasjonen i byen. Ho kjem til å hemne seg før denne skrekkelege filmopplevinga er over. Tilbakeblikk matar oss med teskei. Manuset er eit makkverk. Mobbing er møkk, men dvask, dårleg spenningsfilm som kopierer klisjear om at du blir eit patetisk monster om du blir mobba, er for dumt. Alt kjennest fantasilaust og føreseieleg, utanom det lite truverdige nivået av vald som er pakka inn mot slutten.
Tamt tull
Eg likar Octavia Spencer, men ho kan ikkje berge ein elendig skriven figur. Naive meg trudde eg skulle sjå henne i sentrum, men i Ma er heltane standardisert ungdom utan nemneverdige kvalitetar utover uinteressante venleiksideal og dårleg dømmekraft. Ser du Spencer, Juliette Lewis og Allison Janney på rollelista, får du håp. Dei hadde alle fortent betre roller. Det er stusseleg å sjå Spencer spele i tamt, teit tull frå Tate Taylor. Når vi veit at skrekk frå USA har hosta opp skumle, nyskapande Hereditary, Get Out, Us og It Follows dei siste åra, er dette triste saker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.