Bok
Du er som ein blom
Han Kang skriv kjenslevart, men ujamt om utsette kvinnekroppar.
Sør-koreanske Han Kang har fått fleire prisar for forfattarskapen. I 2024 fekk ho Nobelprisen i litteratur. I 2016 fekk ho den internasjonale Man Booker-prisen. Her er ho på heimebane på ein konferanse i Seoul.
Foto: Lee Jin-man / AP / NTB
Sørkoreanske Han Kang vann Nobelprisen i litteratur for 2024. Pax har gitt ut fleire av bøkene hennar, og på tampen av fjoråret kom ei lita bok med fire forteljingar. Eg har berre lese éi bok av Kang frå før, Dette er ikke farvel. Romanen er ei gripande soge om venskap og traumearbeid. Fire fortellinger er annleis, på fleire måtar. Dei fleste av dei handlar om einsame og sårbare kvinnekroppar som blir skadde eller på anna vis gjennomgår forandringar, ja jamvel forvandlingar.
Prosaen til Kang held generelt eit høgt nivå, med ein eigen skimrande og skjør kvalitet. Det flyt så lett, så lett som dalande snøfnugg, også når ho skriv om tunge tema. Men sjølv om metaforane er slåande og skildringane levande, er ikkje alle historiene i Fire fortellinger like gripande. Eg har forstått det slik at dei stammar frå ein tidleg epoke i forfattarskapen, og nokre av dei ber nettopp preg av å ikkje vere heilt forløyste.
Forvandling
Den første teksten er den beste. «Min kvinnes frukt» er ei forteljing som går langt forbi realismen. Ei kvinne trivst ikkje i livet sitt. Ho kjenner seg innestengd i byleilegheita, lengtar mot fjella og skogen, nett det som ho tidlegare lengta vekk frå. Det verkar heller ikkje som om ho likar seg i ekteskapet sitt.
Vi får ikkje vite stort om kva ho tenkjer, ho er sett gjennom mannen sine auge, ein mann som stadig samanliknar dei ulike delane av kroppen hennar med blomar og frukter. Han verkar mest opptatt av at ho er vakker, og er ikkje så interessert i tankane hennar.
Det er då heller ikkje så lett for han å gisse kva som plagar henne. Det viser seg nemleg at dei blåmerka som gradvis spreier seg utover kroppen hennar, er dei første teikna på at kona hans gjennomgår ein gradvis, men fullstendig transformasjon. Det er nærliggande å tolke det som hender, som eit uttrykk for at kvinna blir det både mannen og samfunnet betraktar henne som: ei skjør plante, stum og stilleståande – men vakker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.