Musikk

Du er så lys

Grensesprengjande skarpt frå artist med ei eiga evne til å gjere det kompliserte enkelt.

Ho har tvangstrøye på både omslag og pressefoto, men popmusikk er sjeldan like fri som på det fjerde albumet til Rosalía.
Publisert Sist oppdatert

Den visjonære spanske artisten Rosalía har alltid vore ein grensesprengjar, frå å nytenkje flamenco med ein slags akademisk presisjon på El Mal Querer til å skape sitt eige popunivers der tradisjonar vert rivne ned og bygde opp att til noko nytt på Motomami.

Lux er ho meir kontrollert, og vågar å vere enkel. Enkel er kanskje ikkje det ein tenkjer fyrst når ein høyrer Lux, men fleire av låtane er bygde rundt små repeterande motiv, nærast mantraaktige. Kvar biletleg vending i stemma peikar ut noko nytt.

Albumet er vanskeleg, ja umogleg, å høyre på utan å verte bergteken, fjetra og mållaus. Det er òg ei utforsking av lys som metafor. Rosalía syng om kjærleik som frigjer, om identitet som endrar form, og om korleis ein kan vere sår og uroleg utan å miste balansepunktet.

Lux er krevjande pop, men ikkje utilgjengeleg. Lydane knyter kroppen til noko større utan at ein mister jordinga, og alt føregår på fleire språk enn dei fleste av oss kan nemne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement