Musikk

Draumeskapar

Nesten ukjend mann tek fortent plass i rocken på sitt andre forsøk.

Dei ser kanskje idiotisk tøffe ut, men John Hollier og bandet har mange grunnar til å gjere det.
Publisert Sist oppdatert

Viss du har høyrt om John Hollier, vert eg imponert. Faktisk vil eg gjerne snakke med deg. Sjølv etter å ha søkt i vekevis veit eg knapt noko om han.

Då eg oppdaga at Rainmaker skulle ut, var det Thirty Tigers som fanga merksemda mi. Thirty Tigers er eit passe stort amerikansk musikkdistribusjonsselskap med base i Nashville.

I år har dei teke ansvar for Lucinda Williams og Courtney Marie Andrews. Dei snart 25 åra dei har halde på, har dei òg klart å halde på artistar som The Mountain Goats, Rufus Wainwright og Portugal, the Man. Ein mangfaldig gjeng, altså. Men med føtene, eller klørne, godt festa i rockklingande country med meiningar. Måten dei tenkjer kvalitet på, er inspirerande.

Det er John Hollier òg. Han debuterte i 2023 med eit sjølvtitulert og sjølvutgjeve album med gode porsjonar frå inspirasjonskjeldene. Kanskje litt vel gode. Dessutan var produksjonen, tja, kva skal ein seie? Noko ullen, for å seie det diplomatisk. Det mest presise er at albumet høyrest ut som det var spelt inn i ein ullsokk.

Nede på krepsefarmen

Der kunne denne historia gjerne ha slutta. Men sjølv det kraftigaste strømpegarnet kunne ikkje stengje ute energien til Hollier. Alt då, inne i ullsokken, hadde han ein entusiasme i røysta og glede i gitaren som ein skal vere bra nomen og kald for å ikkje la seg rive med av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement