Draumen om vellykka bokseriar
ENDELØYSA. Mellom 1915 og 1963 gav Noregs Ungdomslag, Olaf Norlis Forlag, Noregs Boklag og Marius Evjebergs Forlag ut 172 skodespel for ungdomslag.
Alle foto: Nasjonalbiblioteket
Det gjeld å lykkast med bokseriar. I norsk skriftkultur har seriar vore eit språkleg vassmerke, for berre nynorskforlag gir ut nynorske seriar.
Bøker med tematiske eller litterære fellestrekk blir samla i seriar med same format, utstyr og formgiving, og bøkene kjem regelmessig i fleire år. Vellykka seriar er dei som treffer same målgruppa gong på gong og dermed får fleire til å kjøpe bøkene fordi dei kom i den aktuelle serien. Det blir effektivt forleggjeri av slikt.
Den første serien kom frå Samlaget alt same året som forlaget var skipa. I seks nummer med Lauvduskar 1868–87 samla skiftande redaktørar nye, kortare tekstar. Til og med 2021 hadde nynorskforlag gitt ut nær 1500 titlar i om lag 60 seriar. Over halvparten av desse stod Samlaget for.
Seriar i utval:
Noregs Ungdomslag og Skuleboknemndi åt Studentmållaget gjekk i 1902 saman om å gi ut Norske folkeskrifter. Alt i alt kom det 96 hefte fram til 1964. Til serie å vere sprikte utgivingane mykje, men det samla opplaget var truleg 500.000 eksemplar. Her fekk lesarane både litteratur og kultur, små biografiar og tradisjonsstoff, handbøker for jordbruk og skogbruk og ei rekkje skrifter om naturvitskap. 32 titlar i serien Fyredrag aat ungdomslagi 1904–26 var meir av same sorten.
Noregs Ungdomslag var medutgivar for dei 63 første skriftene, og Noregs Boklag stod for dei siste 33 hefta frå og med 1939. Skiftet av utgivar viste lite att i profilen for serien, skriv litteraturforskaren Idar Stegane.
Samlaget var lenge ein skriftstad for norrøn og annan klassisk litteratur. Mellom 1907 og 2003 sende forlaget ut 97 titlar i 5 seriar med vestleg og austleg kultur. Få seriar med underhaldningslitteratur blei utvikla. Forlaga satsa heller på skodespel for ungdomslag og amatørteater. Mange nynorskforfattarar debuterte difor som dramatikarar.
Frå det høgnorske Norrønafelaget Bragr i Bergen kom ein særmerkt bokserie. Desse såkalla Bragr-bøkene var redigerte av Conrad Clausen. Frå 1968 til 1988 gav forlaget ut 11 slike bøker i lommeformat med fin grafisk form av biletkunstnaren Magnus Hardeland.
Ei lesarundersøking viste at kvar tredje elev i den nye ungdomsskulen frå 1969 trong lettlesne bøker. Det fekk Samlaget til å lyse ut konkurranse om dei beste lettlesbøkene. Ingen manuskript heldt mål for førstepremien, men den første lettlesboka kom ut i den nye serien Sirius i 1973.
30 år seinare hadde Samlaget gitt ut 177 lettlesbøker for yngre og eldre barn, dei fleste i parallellutgåver på bokmål. Røynslene med denne porteføljen tok Samlaget med inn i seinare utgivingar. Tilpassa lesestoff var blitt eit DNA for forlaget.
Ottar Grepstad
Neste gong: Bokhandlaren i Fosna
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.