Bok

Draumen om eit betre liv

Kniven i ilden dannar grunnmuren i eit større byggverk.

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for bøkene ho har skrive sidan debuten i 1999.
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for bøkene ho har skrive sidan debuten i 1999.
Publisert

For vel førti år sidan blei eg fengsla av romankvartetten til Idar Kristiansen (1932–1985) Kornet og fiskene (1978­–1981), om den finske utvandringa til Ruija (Finnmark) på 1850-talet. Etter den tid har eg litt til og frå følgt med på både den samiske og den kvenske litteraturen, med namn som Ailo Gaup (1944–2014), Sigmund Skåden (f. 1976) og Nils-Aslak Valkeapää (1943–2001). Ingeborg Arvola føyer seg inn i denne rekka, for sjølv om ho er norsk og skriv på norsk, har ho kvensk blod i årene og eit hjartespråk med mange finske ord og songstrofer som har følgt henne frå oppveksten i Neiden og i Pasvik.

Ein ny start

Alt dette tar ho ut i Kniven i ilden, som ifølgje forlaget innleier ein trilogi, Ruijan rannalla – Sanger fra Ishavet, om det kvenske miljøet i Aust-Finnmark konsentrert kring Neiden, Bugøynes (Pykeijä) og Vadsø. Romanen er i fire delar, ein for kvart år mellom 1859 og 1862, og kvar del har ei kort historisk innleiing.

Den som fører ordet, er Brita Caisa Seipajærvi, 35 år frå Sodankylä i Nord-Finland. Ho er ugift, men har to søner med forskjellige menn. Ho er stempla som utuktig, og betre blir det ikkje når ho seinare møter Mikko, ein gift mann med eigen gard i Neiden. Ho framstår som ei slags femme fatale.

Men før det kjem dit, har ho gitt seg i veg med sønene Aleksi og Heikki med Bugøynes som mål, der det er både finske fastbuande og sesongarbeidarar. Det er mange hinder undervegs, men Brita Caisa er både praktisk og handlekraftig, og sidan ho også har greie på enkel folkemedisin og «har et eget lag med alle Guds skapninger», vinn ho tillit hos folk ho møter.

Det som driv henne, er draumen om eit betre liv, å finne ein mann å gifte seg med, å komme seg bort frå fattigdom, skam og fornedring, å starte på nytt med blanke ark: «Jeg ser ikke bakover. Jeg ser framover. Den veien, videre.» Samtidig er ho prisgitt styresmaktene, med prest og lensmann, og dei er harde i klypa når det skal statuerast eksempel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement