Draumen om ein far
Rita Indiana Hernándes lar teiknefilmen og dataspelet forme logikken til barnet.
Romanen til Rita Indiana Hernándes kom ut på spansk i 2005 og er omsett til fleire språk.
Foto: Solum / Bokvennen
Den karibiske øya Hispaniola er delt mellom Haiti og Den dominikanske republikken. Begge statane tilhøyrer USAs bakgard og er det Donald Trump kallar «shithole countries», med enorm arbeidsløyse, fattigdom og utvandring til USA. Begge statane er forma av ei kolonial fortid, hardhendte USA-støtta diktatorar, machokultur, høgt valdsnivå, korrupsjon og religiøse ritual med blanding av katolisisme og svart magi.
Draumeverd
Alt dette er til stades i Rita Indianas (f. 1977) to romanar på norsk, Tjenestepiken til Omicunle (2017) og Papi som kom ut rett før jul. Begge bøkene er omsette av Signe Prøis.
I Papi ligg forteljarperspektivet hos ei åtte år gammal jente som ventar på at faren, papi, skal dukke opp. Men faren finst ikkje anna enn i ei livleg fantasi- og draumeverd som jenta lever seg inn i med teikneseriar, dataspel, actionfilmar og reine hallusinasjonar som erstatning for eit liv i botnlaus fattigdom.
Innanfor desse rammene opererer faren som ein slags superhelt med tilgang til ein ufatteleg materiell velstand og luksus han skal dele med henne når han kjem heim frå USA. Kva han driv med, blir aldri klart, men heiderleg arbeid er det neppe, og han verkar meir og meir som ein skruppellaus kriminell, frykta og beundra, ja, det oppstår ein kvasireligiøs personkult rundt han der han kanskje er helgen, kanskje er Kristus.
Samfunnssatire
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.