Kunst
Dora Maar
«Hand-skjel», 1934. Fotomontasje, 401 x 289 mm, Centre Pompidou, Musée national d’art moderne, Paris.
Foto: Centre Pompidou
I utstillinga i PoMo heng eit portrett som Picasso måla av Dora Maar. Ho var ei av dei mange som Picasso hadde eit stormfullt forhold til. Samstundes er ho så mykje meir enn det.
På trettitalet slo den franske fotokunstnaren og målaren Dora Maar (1907–1997) gjennom med surrealistiske fotokollasjar av det nyvinnande slaget. Ho hadde eit sjeldan godt auge for det uvanlege. Den strålande karrieren falma etter at ho vart saman med Picasso i 1935. I takt med at ho vart verdskjend for dei mange bilda han laga av ho, vart hennar eigen kunstnarkarriere paradoksalt nok gløymd.
«Hand-skjel» frå 1934 er eit godt eksempel på korleis Maar utvikla eit heilt nytt fotografisk språk. Handa strekker seg sensuelt ut av konkylien og dyppar fingeren i den mjuke, kvite sanden. Over ruvar dramatiske skyer, gjennombora av eit mystisk, nærast guddomleg lys. Det er først når vi ser nærare etter, at vi oppdagar at handa er laga av plast.
Bildet minner om noko frå draumane, det absurde kongeriket som dei surrealistiske kunstnarane boltra seg i. Bilda hennar er gjerne karakteriserte av eit elegant ubehag som det er vanskeleg å setje fingeren på. Til dømes kan handa minne om ein eremittkreps som har teke seg eit skjel som heim. Bildesamansetjinga gir samstundes assosiasjonar til måten gudinna Afrodite vart skapt på i den greske mytologien, fødd av bølgjeskum og ført i land på eit skjel.
Picasso var ikkje særleg grei med Dora Maar. På slutten av det nær ti år lange forholdet deira fekk ho seg ein skikkeleg knekk, personleg så vel som kunstnarleg. Sjølv om ho heldt fram med å lage kunst gjennom heile det lange livet sitt, stilte ho i svært liten grad ut etter at forholdet deira forliste i 1943.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.