Musikk
Domedagsaftan
Hans-Christoph Rademanns yndlingskantatar var langt ifrå gladkristne.
Mange av Bachs kantatar blei i si tid urframførte i Nikolaikyrkja i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Titlane på verka som blei spelte i Nikolaikyrkja, stod i maksimal kontrast til den lyse og lune fredagskvelden utanfor: Å æve, du toreord!, Eg arme menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens lekam?, Ein forferdeleg ende riv dykk bort!. Desse stykka frå Bachs fyrste kantateårgang, som var valde ut og dirigerte av Hans-Christoph Rademann, blei framførte med gneistrande energi av fire solistar og Gaechinger Cantorey, som er koret og orkesteret til Bach-akademiet i Stuttgart.
Islandsk tenor
Typisk for desse kantatane er den teatralske tonen Bach eksperimenterte med i det fyrste året sitt som thomaskantor. Elegant som ein hoffdans, til dømes, er arien «Vergibt mir Jesus meine Sünden» (Tilgjev, Jesus, mine synder) frå Ich elender Mensch, wer wird mich Erlösen, BWV 48. Her gjorde den islandske tenoren Benedikt Kristjánsson ein god figur, sjølv om han openbert tredde inn på kort varsel på grunn av sjukdom i solistrekkja.
Mest dramatisk var O Ewigkeit, du Donnerwort, BWV 60, ein kantate Bach urframførte for tre hundre år sidan akkurat her i Nikolaikyrkja. (Slikt er det som bidreg til å gjera Bachfest Leipzig så spesiell.) Den er konsipert som dialog mellom dei allegoriske storleikane «Frykta» (alt) og «Håpet» (tenor) og opnar med bivrande strykarar og energisk kvitrande oboar, medan alten syng salmemelodien med lange notar, kontrastert av tenoren, som kommenterer det heile med snøgge koloraturar. Slike intrikate kombinasjonar av ulike musikalske teksturar framførte simultant er typisk for Bachs Leipzig-kantatar.
Småslark
Høgdepunktet var likevel det siste på programmet, Es reißet euch ein schrecklich Ende, BWV 90, der endetid og domedag er tema. Bassarien, som blei sungen med stor pondus av Tobias Berndt, har ei uvanleg virtuos trompetstemme. I det friske tempoet dirigenten Rademann la opp til, imponerte solotrompetisten desto meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.