Film

Dokumentarfilm frå den andre sida av håpet

City of Ghosts er eit humanistisk portrett av grasrotjournalistar i eksil.

Heinemans dokumentarfilm er nøktern og skildrande, utan å demonisere.
Heinemans dokumentarfilm er nøktern og skildrande, utan å demonisere.
Publisert

I 2014 gjorde Den islamske staten (IS) byen Raqqa i Syria til hovudsete. Folk utanfor hadde ingen informasjon om kva som skjedde i «IS-land», sett vekk frå terrornettverkets eigen propaganda. Det var før ei gruppe grasrotjournalistar som kallar seg Raqqa Is Being Slaughtered Silently, kom på bana. Med mobilkameraet som våpen begynte dei å laste opp videoar og bilete av det brutale regimet, som svara med å drepe alle som kunne ha tilknyting til journalistane.

City of Ghosts går klår noko av det som gjorde ein annan kinofilm om Syria, Cries from Syria, til ein i overkant enkel analyse av den komplekse krigen. City of Ghosts er nøktern og skildrande, utan å demonisere. Først og fremst er det ein sterk humanisme som driv filmen. Vi får eit medrivande innblikk i livet til journalistane i eksil og den konstante frykta dei lever under. Det filmen gjer best, er å vise at midt opp i alt elendet er vi alle menneske. Det gjer vondt å sjå masseavrettingane til IS, men like hjarteskjerande er det å sjå den psykiske valden mot hovudpersonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement