Bok
Dødsfuge 2.0
Jenny Erpenbeck skriv forvitneleg om det fælslege.
Denne romanen kom ut i Tyskland i 2005 og var den andre romanen til Jenny Erpenbeck. Boka kjem for første gong på norsk i år.
Foto: Katharina Behling
I diktet Todesfuge skreiv Paul Celan om hendingane i ein konsentrasjonsleir under andre verdskrigen, ved å nytta fugen som formprinsipp, med oppattakingar, imitasjonar og fleire motiv vovne i kvarandre, slik at fortvilinga og det fælslege aukar nådelaust, til liv ebbar ut som svart røyk i lufta, der ein ikkje ligg trongt.
I romanen Ordbok av Jenny Erpenbeck (fødd 1967 i Aust-Berlin), frå 2005, kan ein også sjå element av fugen, i og med at nokre motiv vert repeterte slik at dei får ein ny samanheng etter kvart, men det er ikkje tydeleg for lesaren kva veg det går, eller kva det i det heile er som går føre seg, før mot slutten av boka.
Mørkt bakteppe
Perspektivet er hjå ei jente som temmeleg umerkeleg veks til, ein plass i Sør-Amerika, truleg Argentina, og ein kan ana at det skjer skumle ting, at samfunnet er farleg. Skot høyrer ein stadig, men venninna til hovudpersonen, Anna, har alltid ei røvarhistorie å fortelja om desse lydane.
Heime vert jenta dirigert av formaningar om det farlege i det kvardagslege, og ein får inntrykk av at ho og familien hennar er privilegerte, dei har ei beinskøyr hushjelp, og til og med ei amme som forsyner jenta med mjølk urimeleg lenge, medan mora får dagane til å gå med å gå til manikyr, pedikyr, solarium og anna.
Barnets perspektiv er naivt, ho veit ikkje sanninga om livet ho lever. Faren jobbar i eit slags palass, og forteljingane om arbeidet hans vert akkompagnert av ordet bæbu, som nok er lyden av politisirener, og mot slutten forstår lesaren at far til jenta har satsa på ein karriere i torturbransjen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.