Teater
Dødsdansen i øvre mellomklassa
Den fandenivaldske samlivs- og trekantkomedien er ordrik, men ofte råkande.
Gard Skagestad, Ingeborg S. Raustøl og Kirsti Stubø i det tyske trekantdramaet.
Foto: Det Norske Teatret
Marius von Mayenburg:
I eventyr og såkalla dameromanar endar det som regel med at to får kvarandre etter mykje om og men, og så lever dei lukkeleg til sine dagars ende. Meir får vi ikkje vite. I teateret får vi ofte sjå og høyre at det slett ikkje alltid er slik det går. Vi har sett det i Ibsens dokkeheim, i Strindbergs dødsdans, i Bergmans scener frå eit ekteskap og så bortetter. Og det lèt til at alle samfunnsepokar har samlivsutfordringane som eit kjerneproblem, same kor opplyste og velutdanna og ressurssterke vi blir, både kvinner og menn.
Kverulering
Tyske Marius von Mayenburgs stykke, Eks, tek tak i denne problematikken med mørk, smart humor. Vi møter menneske som nyttar det intellektuelle overskot sitt til å krige mot kvarandre med kveruleringar. Særleg er hustrua i skodespelet så infamt slagferdig mot mannen sin at vi tykkjer Strindberg vert reine sundagsskuleguten i forhold.
Kirsti Stubø, tilbake på norsk scene etter mange år, tek òg ut heile arsenalet sitt i denne rolla. Ho er ufyseleg, arrogant, lynrapp i dei spydige replikkane, men tydeleg sårbar under yta. Ektemannen, Gard Skagestad, får på si side finurleg fram korleis den tilsynelatande mjuke tøffelhelten av ein mann kan hende berre er ein karaktersvak kynikar på botnen.
Og den tidlegare kjærasten hans, lenge omtala før ho endeleg dukkar opp, verkar i skapnaden til Ingeborg S. Raustøl meir normal og langt mindre tvitydig enn vi har venta oss henne, iallfall slett ikkje nokon farleg slange i paradiset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.