Sanninga er stundom barbarisk, medan løgna kan vera sivilisert. I den stutte romanen Då Ivan Iljitsj døydde får hovudpersonen, som ikkje overraskande er Ivan Iljitsj sjølv, auga på noko av det løgnaktige i den sivilisasjonen han høyrer til i.
Ivan kom til verda som den nest eldste av dei tre sønene til ein statsgasjert døgenikt, utdanna seg til sakførar og gjorde karriere som domar. I 1882 døydde han, berre 45 år gammal, etter ein sjukdom som vert skildra nådelaust av Tolstoj. Det meste av teksten handlar om just denne sjukdomstida, der Ivan stadig tydelegare ser det uheiderlege og usanne i sitt eige liv, mellom anna i samlivet med kona si, Praskovja.
Alt tidleg i ekteskapet synte ho seg som ein sjølvsentrert person som ikkje just møtte husbonden sin med velvilje, kva no årsakene kan ha vore til det. Denne mangelen på empati utviklar seg mellom dei to under sjukdomen, og Ivan kjem fram til at han eigentleg hatar ho. Den einaste i familien som syner sann medkjensle med han, er det yngste barnet, ein son, medan den eldre dottera, som er nyforelska, tydeleg syner at faren sin sjukdom grip forstyrrande inn i lukka hennar.
Herre og tenar
Den store løgna Ivan Iljitsj registrerer under sjukdomsperioden, er omtalen av han som sjuk, og ikkje døyande. Diverse legar vert konsulterte, og dei er uklåre i freistnadene på å stilla diagnose, men Ivan kjenner sjølv, i alle høve no og då, at han berre vert verre, og at han ikkje har von om å verta frisk.
Gud er kjenslelaus og fråverande, og den einaste trøysta han har, er den robuste, men saktmodige tenaren Gerasim, og skildringa av relasjonen mellom dei to, herre og tenar, er eit høgdepunkt i teksten. Mellom anna kjenner Ivan seg betre om han får liggja med føtene på akslene til Gerasim, ein type spontanmedisin som er typisk just ved å vera utypisk, kvart einskilt tilfelle er jo originalt, og vegen til lindring, om enn mellombels, vert gjerne funnen ved slump. Ein slik detalj gjer teksten levande og sann for lesaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.