Bok

Døden er ein del av ordninga

Med varme og raseri skildrar Asta Olivia Nordenhof livet til dei mest utsette.

Asta Olivia Nordenhof er ein prislønt dansk forfattar.
Asta Olivia Nordenhof er ein prislønt dansk forfattar.
Publisert

Menneske som står nedst på den sosiale rangstigen, kan vere krevjande å skildre med truverd i skjønnlitteraturen fordi så få forfattarar verkeleg kjenner livet til dei mest utsette. Empatien kan nok vere der, og medvitet om urettferdige sosiale strukturar, men det heile blir ofte fortalt ovanfrå og utvendig.

Danske Asta Oliva Nordenhof går ikkje i den fella. I forteljinga om Kurt og Maggie, hovudpersonane i Penger på lomma, står ho i same ansiktshøgd som karakterane sine, og fortel om dei med ein varme så stor at det svir i auga på den som les.

Forfattaren planlegg eit sjubandsverk knytt til Scandinavian Star-katastrofen. Skipet gjekk mellom Oslo og Frederikshavn, og i 1990 omkom 159 menneske om bord i ein mordbrann. Brannen er eit bakteppe og eit omdreiingspunkt for den fiktive handlinga, men blir også omtalt direkte i eit ganske langt parti litt uti boka, i ein kritisk saktekst om selskapa som åtte skipet. Dette første bandet har gitt Nordenhof, som frå før har utgitt ein roman og ei diktsamling, gjennombrot som forfattar og fleire prisar.

Kapitalismekritikk

Kurt og Maggie er på notidsplanet i romanen, i 1990, eit tilårskome ektepar. Det er lenge sidan dei har levd godt saman. I ei mengd korte og litt lengre tilbakeblikk rullar Nordenhof ut livssogene deira og korleis dei har hamna der dei er no. Båe kom frå stader der det ikkje var godt å vekse opp, og har store sjelelege sår. Ei valdtekt då Maggie var fjorten, sette ho på ein kurs som blir bestemmande for livet. Men også Kurt må ein periode selje seg for å livnære seg sjølv og eit barn. Dei to var forelska ein gong, men no er samlivet prega av sinne og avstand. Dei har ei vaksen dotter, ho er lyspunktet, ho klarar seg bra.

Synsvinkelen vekslar mellom Kurt og Maggie, mest i tredje person, men for å gå endå nærare på desse menneska brukar forfattaren også eg-forteljing i nokre kapittel. Romanen er kompleks og samansett, men ikkje meir enn at det går greitt å følgje, og forma gjer at tematikken blir lyssett frå mange hald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement