Teater
Dobbelt sjølvportrett med varme
To kjendisaktørar bryt teatralsk-isen og verkar ærlege.
Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad kombinerer småprat og kunstnarlege innslag.Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad kombinerer småprat og kunstnarlege innslag.
Foto: Øyvind Ganesh / GaneshfotoFoto: Øyvind Ganesh / Ganeshfoto
Edderkoppen Scene/ Over Norge
Det har vore sagt før, av denne meldaren og andre, at sjølvbiografiske standupshow kan ta litt vel mykje av for tida, både på teater og TV, og ikkje minst i det nokre kjendisskribentar kamuflerer som romanar. Når det gjeld skodespelarar, er det ikkje utan risiko ein lèt dei sleppe til for å snakke om seg sjølv ein heil kveld. Det kan fort bli pinleg sjølvskrytande. I mange tilfelle kan det òg verke uekte, løgnaktig.
Kunstnarlege innslag
Litt redd vert ein i opninga på «realityshowet» som Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad presenterer på Edderkoppen. Måten dei introduserer kvarandre og seg sjølve på, er heller kokett og kvasiimprovisert. Replikkane verkar nøye innøvde. Her må noko skje, viss vi skal tru på det dei fortel om arbeidet og den lange vennskapen sin.
Men heldigvis: Noko skjer. Og det skjer frå den augneblinken dei greier å kombinere det småpratande med reelle kunstnarlege innslag. Derifrå har dei oss i den hole handa si.
Songleg og musikalsk (på gitar) klemmer Hjelmeland til med den vedunderlege versjonen av Bob Dylans «Make you feel my love/ Fordi jeg elsker deg», og sterkt rørande er visa han har skrive – og syng – til minne om Wenche Foss. Mestad på si side gjer det vanskelege stuntet å framføre Olav H. Hauge-diktet «Det er den draumen» som dramatisk monolog – og overtyder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.