Bok

Diskurs og diskrepans

Atle Berge skriv klokt og vittig om dei uskrivne reglane i samfunnet.

Atle Berge er utdanna journalist og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.
Atle Berge er utdanna journalist og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.
Publisert

Då eg gjekk på skulen, var det eitt element i karakterboka eg tidt ergra meg over, og det var karakteren i orden og åtferd. Sjølv når det stod «Særs god», visste ein ikkje heilt kva ein hadde gjort, berre kva ein hadde klart å halda seg unna.

Som såkalla vaksen veit ein også kva ein ikkje bør gjera, men ein lyt vera godt orientert om kulturen ein høyrer til, for å forstå korleis ein skal te seg på ein akseptabel måte.

I den nye romanen til Atle Berge vert alle sosiale kodar samla i omgrepet diskurs, som kjem frå latin og eigentleg tyder å springa fram og attende. Her møter me jordfaren Arne Fjørtoft frå Sotra, som er gift med bibliotekaren Hulda frå Lindås. Dei lever i Hokksund, og denne lesaren får ei kjensle av at den Hokksund-busette forfattaren med bakgrunn frå gamle Lindås kommune her har snudd att og fram på si eiga soge, men det er sikkert eit lurt grep, for romanen er god og underhaldande, og Arne og Hulda verkar truverdige.

Lokal kulturrevolusjon

Ved eit tilfelle der Arne vil ein mygg til livs, oppstår ei ny helsingsform, der ein klaskar seg to gonger på kinnet. Seinare kjem aktivitetar som bjeffing og hinking til, som element i ei ny retning for den lokale kulturen, produsert ad hoc i Hokksund.

I utgangspunktet har Arne og Hulda ufriviljug blitt halvkjendisar ved at eit TV-team rustar opp hagen deira. Sjølve hadde dei ingen planar for hagen, korkje bibliotekaren eller jordfaren interesserer seg for jordmoro. Men ved ymse tilfelle vert just hagen åstaden for ein lokal kulturrevolusjon, med aktivitetar som går såkalla viralt etter posting på sosiale medium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement