Bok
Diskettar og finanskrise
Romanen om minne, ungdomstid og finanskrise er snedig komponert, men stundom litt svakt fortalt.
Rune F. Hjemås har skrive fleire bøker. Først no har han skrive ein roman.
Foto: Heidi Furre
Denne våren skal tiårsjubileet for filmatiseringa av Tore Renbergs Mannen som elsket Yngve markerast med visningar på Cinemateket. Sjølv om eg har sett filmen mange gongar, skal eg utan tvil gå og sjå han. Det er heilt spesielt korleis Renberg med oppvekstromanen og regissør Stian Kristiansen med filmen klarer å fange den rå energien i ungdomsopprør og blande dette med dei mjuke kjenslene vi har overfor familie, vener og kjærastar. Eg mistenker at Rune F. Hjemås med si sjette bok, men første roman, prøver å få til noko av det same som Renberg, men mykje tyder dessverre på at dette ikkje er så lett.
Tåregassromantikk
Hjemås plasserer oss på Island, der Kristín fortel om Aurora og kvardagen hennar i 2009, då den islandske økonomien var på botnen. Forfattaren er heilt klart opptatt av at vi skal lære om finanskrisa mens vi les; Hjemås bruker mykje plass på å forklare situasjonane og årsakene bak forskjellige hendingar. Dette gjer at delar av romanen blir litt vel pedagogisk. Noko forstyrrande er òg tåregassromantikken som oppstår når Aurora deltek i demonstrasjonar saman med venene sine. Det er vanskeleg å tru på Auroras lidenskaplege dyrking av opprøret.
Men nettopp dette med kva ein skal tru på og ikkje, er uvanleg interessant behandla her. Boka handlar om Aurora, men det er Kristín som fortel. Jentene blei kjende i tenåra på internett, men har ikkje hatt kontakt sidan. Kristín ser eit bilde av Aurora i ei fotografiutstilling frå demonstrasjonane. Slik eg forstår det, opnar bildet opp minna og fantasien til Kristín så mykje at ho manar fram historia om Aurora, sjølv om dei ikkje har snakka saman på om lag femten år.
Lagring av minne
«Hele tiden blir verden fotografert.» Boka opnar med denne setninga som nærast blir eit mantra teksten gjennom. Fotografi er eit ynda emne hos forfattaren; den førre boka hans, ei kortprosasamling, har tittelen Et lite skritt for mennesket. Fotografier (1985–2018).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.