Musikk

Disiplinerte energiutladingar

Chrome Hill og Dojo byd på eit høgenergisk møte.

Publisert Sist oppdatert

Ifylgje presseskrivet er musikken på denne plata «jazzrock noir». Men dette er så langt frå 80-talets glattpolerte jazzrock/fusion ein kan koma. Her er element frå både jazz og rock, men av det meir støyande slaget.

Dessutan er musikken karakterisert som «grensesprengende post-Americana». I tillegg til konvensjonelle instrument er det òg mykje elektronisk handsaming av lydbiletet, og det er ikkje alltid råd å høyra kva instrument som lagar dei ulike lydane.

Men den japanske duoen Dojo leverer høgenergisk improvisatorisk trommespel, og spel frå 21-strengers koto, som er ikkje-temperert stemd. Den førre plata med desse musikarane var konsertopptak frå ein avantgardeklubb i Japan, men denne innspelinga er gjord i Amper studio i Oslo, og det er det portugisiske plateselskapet Clean Feed som står bak utgjevinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement