Litteratur
Dikta til Aslaug Vaa lever vidare
Aslaug Vaa då ho mottok Ønskediktprisen frå NRK 31. mai 1963. Her saman med Hartvig Kiran (t.v.) og Arve Moen.
Foto: NTB
Vesttelemarkingen Aslaug Vaa (1889–1965) var ein av dei særmerkte kvinnelege lyrikarane som stod fram i mellomkrigstida. Bilethoggaren Dyre Vaa, som mellom anna har laga den vakre svanegruppa i borggarden framfor Oslo rådhus, var ein yngre bror.
I morgon, 28. november, er det 55 år sidan ho tagna. Men dikta hennar lever, og fleire av dei har kalla fram flunkande nye tonar. Kan hende ikkje so rart. Ho var av musikalske folk, og musikken kan liggje i kim i tekstane. Diktet «So rodde dei fjordan» skildrar kyrkjegang i eldre tid, og dei vidfarande tankane som sviv i hugen på kyrkjelyden under messa. Sjølv karakteriserte ho med ein liten smil diktet nærast som «ein bånsull». Geirr Tveitt er ein av dei som har sett råkande toner til denne «sullen».
Sein lyrikkdebut
Aslaug Vaa debuterte som lyrikar 45 år gamal. Ho hadde latinartium, var språkmektig, hadde budd i Paris, London og Berlin, hadde verka som journalist og omsetjar, fått prenta eit og anna dikt, og ho hadde sett fem born til verda. So stig lyrikaren fulltonande fram med samlinga Nord i leite i 1934. Det er mest ei våryr ungjente som tek ordet der diktareget renn til skogs for å sjå om «der heng noko att/ av dei drauman eg hengde att uppi trei ifjor». I diktet «Telemarkin» ritar ho opp den naturen og kulturen ho er runnen av. Snart gror det òg fram eit minidrama eller ein versroman, Nivelkinn, om kvinna Gyri som slitst mellom tre menn. Summen av Gyris røyndom er: «det var stundom so hardt det å menneskje vera.» Å vera fullt og heilt menneske er oppgåva, eit gjennomgåande motiv hjå Vaa. Nivelkinn er i seinare år tonesett, utkomen på CD og har oppnådd spellemannpris.
Vaas lyrikk utgjer ein heilskap. For kvar ny samling, sju i alt, kjem ho djupare ned, lenger inn og høgare opp på sannkjenningsvegen. Men i poetisk konsentrasjon, religiøs og filosofisk innsikt, rakar kan hende Bustader (1963) høgast.
Alt i skodespelet Steinguden, ferdig i fyrste form i 1931 (prenta 1938), fryktar Aslaug Vaa for den einsynte vitskapen som syg menneskesinnet tomt og favoriserer teori framfor spontanitet og natur. Under eit inspirerande opphald i Vest-Afrika hausten 1937 kom skodespelet Honningfuglen og leoparden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.