Musikk
Didos desperasjon
Bosgraaf briljerer med Telemanns antikke kvinneportrett.
Den nederlandske blokkfløytisten Erik Bosgraaf.
Foto: Marco Borggreve
Blokkfløyta var eitt av dei mange instrumenta tyske Georg Philipp Telemann (1681–1767) sjølv spelte, og eg er samd i at «han er den barokkomponisten som best utnytta dei tekniske og uttrykksmessige moglegheitene dette instrumentet byr på», som Erik Boosgraf skriv i den personlege, men vitskapleg funderte omslagsteksten til det nye dobbeltalbumet sitt.
Platene byr på alle Telemanns 18 overleverte kammermusikkverk med blokkfløyte, fordelt på former som triosonate, kvartett og kammerkonsert. Ulikt til dømes J.S. Bach, som ofte skreiv melodiane for treblåseinstrument som om dei skulle vera for cembalo eller orgel, var han oppteken av (og stolt over) å komponera idiomatisk (teknisk tilpassa) for instrumenttypane. Dette les me i sjølvbiografien hans frå 1718, som har fylgjande oppmoding til komponistane: «Gjev kvart instrument slikt det tola kan, / så får spelar’n hug og du har glede ved det».
Genialiteten
Triosonaten var i fyrste helvta av 1700-talet om lag det strykekvartetten var i andre helvta av hundreåret: ein prøvestein for om komponisten var teknisk i stand til å organisera eit komplisert musikalsk materiale på ein måte som kling naturleg og elegant. Telemann var spesielt kjend for å meistra denne forma med to melodiinstrument og besifra bassline.
Telemann komponerte mange «klassiske» triosonatar, der melodiinstrumenta imiterer kvarandre og slik verkar likeverdige. Men han ytte også originale tilskot til forma, og det er der genialiteten hans syner seg klårast. Lytt, til dømes, til opninga av triosonaten med obo og blokkfløyte i c-moll på fyrste plata (spor 13). Her stemmer oboen i eit roleg, alvorsamt melodisk tema som ein skulle venta seg at fløyta sluttar seg til. Men nei: Det er som om ho protesterer mot partnaren sin – med ei snøggare, insisterande melodiline. Fyrst etter seks–sju taktar kjem dei endeleg på talefot.
Schwung
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.