JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Dette er også livet

Inger Bråtveits fjerde roman ber preg av å vere skriven av ein tvingande grunn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Inger Bråtveit debuterte i 2002 og har motteke fleire litterære prisar.

Foto: Pernille Marie Walvik

3137
20190111
3137
20190111

Roman

Inger Bråtveit:

Dette er også vatn

Oktober

Første boka til Inger Bråtveit, Munn mot ein frosen fjord, fann eg i ei tilbodskorg i ein bokhandel på kjøpesenteret Moa heime i Ålesund for ti–tolv år sidan. Dersom eg ikkje hadde kjøpt boka, hadde eg truleg ikkje enda opp med å lese alle romanane til Bråtveit, slik som eg har no. Og det er dette eg etter mykje om og men har enda opp med å meine at Dette er også vatn handlar om: alt det tilfeldige, kor lite som skal til for at noko går den eine eller andre vegen, som ei bølgje, og for så vidt heile livet, kor skjørt det er.

Noko anna

Det hender at eg blir litt irritert mens eg les. Eg er ikkje udelt begeistra over Dette er også vatn og stussar stundom over at dei kallar boka roman. Eg er vand med Bråtveits stramme prosjekt, slik som i Siss og Unn og Alice A4, der det er tydelege romanunivers samtidig som det er mykje leik. Denne boka er noko heilt anna, ein hybrid. Vi får draumeaktige, poetiske avsnitt frå symjeturar der forfattaren stadig opplever å tenke så klart og smart at ho skulle hatt med diktafon ut i vatnet for å få notert alt. Slike delar er det òg om barndommen, med fine minne frå ein gard i ein dal på Vestlandet, som eit familiealbum. Og så handlar det om kvardagen og skrivinga: Der er eit eg som skriv og eit eg som må gjere alt det andre: å vere mor og vere gift med ein som er blitt ufør av borreliose etter flåttbit, og som no sit under eit skråtak heile dagen.

Vi får òg lengre, essayistiske parti som handlar om andre sine bøker. Dette er også vatn inneheld gode litteraturtips, og eg noterer fleire. No gler eg meg mellom anna til å lese Jeanette Wintersons Hvorfor være lykkelig når du kan være normal? I tillegg lærer eg nye måtar å lese bøker eg kjenner frå før, slik som Tove Janssons Sommerboken. Og så får vi mykje historie og stoff frå nyhende, ein del av det frå Russland.

Litt rotete

Teksten spriker altså i mange retningar. For meg blir det så mykje at eg må kalle han litt rotete. Det tar lang tid før eg får grep om kva boka handlar om, men slik er jo livet òg iblant, litt grumsete og uoversiktleg. Eg held meg likevel godt flytande over teksten, han er både interessant og klok og reint spennande å lese. Særleg delane med refleksjonar kring andre bøker av andre forfattarar gjer meg nysgjerrig på kva som står vidare.

Vatnet og morskapen er kjernen her, og korleis identiteten til eget endrar seg mellom å vere ei skrivande kvinne og mor og korleis medvitet endrar seg når ho sym, fordi fysisk aktivitet påverkar tankane. Men mest sit eg altså igjen med ei bok om kor mykje dei små tinga kan utgjere, dropen som gjer at begeret renn over: eit flåttbit, ei løgn, ein eksplosjon i ein ubåt. Eg opplever at boka er skriven av ein tvingande grunn. Eg lyttar aktivt til det Bråtveit fortel, og så går eg ut frå at neste roman blir noko heilt anna igjen.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teksten spriker i mange retningar. For meg blir det så mykje at eg må kalle han litt rotete.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis