Teater

Det vi ser – og ikkje ser

Klokt, gøyalt barnestykke syner fantasien som naudsynt leveverktøy.

Teaterstykket om Tobias fekk Heddaprisen i 2018.
Teaterstykket om Tobias fekk Heddaprisen i 2018.
Publisert

Framsyninga Tobias og dagen det smalt var for tre år sidan eit skuleturnéprosjekt, initiert av frigruppa Rimfrost Produksjoner i samband med Hålogaland Teater. Stykket fekk i 2018 Hedda-prisen som årets beste barneteater.

No har Riksteatret gripe sujettet for ein ny runde, der den opphavlege regien til Morten Røsrud er vidareført av Jonas Delerud. Pressesyninga like før påske vart gjennomført med von om ein ny vårturné. Den vona får vi vone held stikk.

I Mari Lotheringtons fargeglade, lett futuristiske leikeromsscenografi møter vi ein ung gut som seier han vert kalla Cecilie av alle, men eigentleg heiter Tobias. Det er visuelt ei spennande omvend vinkling på problematikken kjønnsidentitet, eit emne ungar truleg er langt meir opptekne av enn vi trur. Og i dette skodespelet, der hovudpersonen kjenner seg som ein annan enn han ser ut som, er det ikkje så ulogisk at fantasivenen hans er ein dinosaur. Dette forhistoriske vesenet, som berre i fantasien kan eksistere vidare, er naturleg nok ein blodsbror for den som inntil vidare berre kan vere retteleg seg sjølv i fantasien.

Den unge svenske dramatikaren Jenny Svensson er i utgangspunktet dansar og koreograf, og stykket ho her har laga, har òg det plastiske uttrykket som berande fundament. I dei tre aktøroppgåvene alternerer to skodespelarlag. Dei vi fekk sjå i Nydalen, var Sebastian Legaard Engeland, Tonje Dreyer Sellevoll og Per-Theodor Paulsen. Alle gav til kjenne både truverdig kjensle, komisk overskot og stor fysisk eleganse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement