Det vanskelege andrebarnetLine Nyborg skriv levande og tankevekkande om kor umerkeleg ein kan miste seg sjølv.
Line Nyborg skriv levande og tankevekkande om kor umerkeleg ein kan miste seg sjølv.
Morsrolla er eit tema som går att i romanane til Line Nyborg.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss
Hovudpersonen Agnes i Line Nyborgs Det andre barnet står på eit tidspunkt fast i ein floke i livet sitt og hevdar for seg sjølv at ho burde forstått kva veg det siste forholdet hennar ville ta alt i byrjinga. Men kan nokon lese teikn om andre før det er gått ei tid? Det er lettast å spå om fortida.
Agnes lurer stadig på om ho gjer noko «feil» ved å vere slik ho er, men feilen ligg snarare i at ho har trudd at det er om å gjere å vere saman med ein annan – nesten same kven, berre ein blir to av det. Når Agnes og Sigurd treffer kvarandre, blir dei brått fire, då Agnes har sonen Jacob frå før og Sigurd har dottera Ina.
Rikeleg med uvilje
Det andre barnet er for Agnes Ina. Som faren Sigurd representerer Ina noko heilt anna enn det som passar inn i Agnes’ eige, rolege, ordna liv, nemleg noko bråkete, rotete, kantete og høglydt: «Etter at de har gått, er det som om det har vært fest og vi må rydde opp, bildene henger skjevt og stoler har velta, putene ligger spredt utover golvet, oppvasken står høy i kummen.»
Den veksande uviljen mot Ina er konkret nok i kvardagen til Agnes, men det botnlause i han blir òg for lesaren eit bilde på kor breitt uviljen femnar; både om sidene ho ikkje visste om hos Sigurd, den brå flyttinga til hans barndomsstad i Vestfold og kven ho sjølv blir i nærleiken deira. Bak det heile lurer Christoffer-saka, der stefaren blei dømt for å ha påført stesonen dødelege skadar, og som Agnes står midt oppe i både i tidspunkt og geografi. Ho tenker på mora til Christoffer og synest ho forstår meir og meir korleis ein kan viske ut seg sjølv og overta verdsbiletet til ein annan.
Spennande og dynamisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.