Bok

Det urbane i distriktet

Kristin Buvik Sivertsen skriv skarpt og morosamt om det nyrike Noreg.

Kristin Buvik Sivertsen har ein master i litteraturvitskap frå Københavns universitet. For debutromanen frå 2017 fekk ho Saabye-stipendet.
Publisert Sist oppdatert

«Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren», er den folkelege varianten av den økonomiske trickle down-teorien til Milton Friedman, som kort sagt går ut på at ein skatte- og avgiftslette for dei rike kjem dei fattige til gode. Men prestekjolen har djupe lommer, og det meste samlar seg der eller blir overført til kontoar i skatteparadis rundt omkring.

Dette ville den høgrestyrte Bø kommune i Vesterålen gjere noko med da den kommunale delen av formuesskatten i 2019 blei senka for å lokke rikingar sørpå til å etablere seg nordpå og dermed skape liv og røre i ein fattig fråflyttingskommune.

I 2022 var ni rikingar folkeregistrerte i Bø. Den mest kjente var Bjørn Dæhlie. Men Bø kan ikkje konkurrere med Sveits, så heile eksperimentet blei ein flopp og ein fiasko, og når Kristin Buvik Sivertsen (f. 1986) kallar den andre romanen sin Bø!, seier det sitt. I staden for å lokke folk til Bø skremmer ein dei bort med «Bø!».

Herleg satire

Romanen er ein herleg satire over manglande bakkekontakt og sunn fornuft i kombinasjon med manglande substans i eit eksperiment bygd på store ord i eit utvendig og overflatisk politikarspråk som munnar ut i ein gedigen klisjé: å setje Bø på kartet.

Den åndelege dimensjonen i eksperimentet skal vere ein kunstbiennale som fort blir omdøypt til bøennale. For å styre denne biten blir den nokså middelmåtige kunstnaren Marie Heger frå Oslo tilsett som kurator på kommunen si rekning, mens sjølve biennalen/bøennalen blir finansiert av millionærekteparet Marianne og Christian Wiik, for tida busette i Bø av grunnar ein forstår.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement