Det tyske huset

Hjemsøkelse er storarta skrivekunst om mennesket i ei opprivande tid.

Jenny Erpenbeck vart fødd i Aust-Berlin og er teater- og operareggisør i tillegg til forfattar.
Jenny Erpenbeck vart fødd i Aust-Berlin og er teater- og operareggisør i tillegg til forfattar.
Publisert

Her er huset han Jakob bygde, heiter det i eit barnerim. Der kjem det nye element inn i kvar strofe, og noko liknande kan ein sjå i den framifrå romanen til Jenny Erpenbeck, Hjemsøkelse, som no ligg føre på norsk i plettfri omsetjing av Ute Neumann.

Mosaikk

I romanen er det tale om eit sommarhus som ein arkitekt får bygd ein stad i Tyskland i 1930-åra. I skiftande tider vert huset okkupert eller nytta av ulike personar, tidt utan forklarande introduksjon ved forfattaren, som er sparsam med namn og ubunden av kronologi, medan teksten vert lagd fram nøkternt, tidvis i bulletinstil, somme gonger i stringent skildring av det som hender, og andre stader med mindre tydeleg kontinuitet, slik at periodar i same avsnitt står kvar for seg i perspektiv og handling, med ørsmå tomrom for lesaren å fylla – eller møblera. Etter kvart forstår ein at romanen er ein mosaikk. Ein bit ein ikkje legg særleg vekt på her og no, finn den rette plassen sin ved eit seinare høve, men boka verkar likevel ikkje vanskeleg, for ho fungerer svært bra både i det partikulære og på makronivået.

Den sentrale hendinga, som styrer lagnaden til huset, er krigsåra. Men her er både eit før og eit etter, med mange gode og opplysande skildringar av folklore, skikk og bruk og overtru gjennom tidene og i ulike miljø og frå stad til stad, og presise oversyn over kva det og det kostar, turre fakta som i alle høve ikkje er eit trugsmål mot truverdet. Det faktiske møter det fiktive i same vitskaplege språk, ein rest av det gotiske heng att i landskapet, særleg ved minnet om ei sinnsforvirra kvinne som drukna seg, og samstundes rullar den nye tida inn, på larveføter, men også på billebein, meir presist ved ein invasjon av koloradobiller. Alt heng saman på underleg vis, men tråden i det heile er det opp til lesaren å finna, Erpenbeck tek oss ikkje på fanget for å fortelja ei god historie.

Effektiv metode

Sjølv om scena er historisk, og fiksjonen så tett på det moglege at ein ikkje tenkjer over at dette er eit diktverk, er det først og fremst skrivemåten som særmerkjer Erpenbeck. Ho har sin eigen stil, sin effektive metode, men denne metoden får også ein verknad på opplevinga av handlinga. Den nøkternt konstaterande tonen presenterer hendingane utan å ta stilling, lesaren må sjølv investera kjensler i lesinga, ein vert ikkje objekt for emosjonell utpressing av ein forfattar som skal ha lesarane til å reagera på ein viss måte. Erpenbeck frigjer seg såleis frå ein fastlagd ståstad i teksten, me er inne i hovudet på både den eine og den andre og opplever deler av dei same scenene frå fleire synsvinklar. Dette stiller sjølvsagt store krav til forfattaren, som med imponerande virtuositet kan hoppa frå hjernen til ei gammal, tysk kone, via ei rad ulike personar og inn i tankeverda til ein litt puslete russisk unggut som har gjort kometkarriere i Den raude armeen, og alle er like truverdige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement