Det poetiske blikketDikta sirklar kring barnet og står litt for stilt.DIKTHege Susanne Bergan:Levepistolen

Dikta sirklar kring barnet og står litt for stilt.

Levepistolen er den tredje diktsamlinga til Hege Susanne Bergan
Levepistolen er den tredje diktsamlinga til Hege Susanne Bergan
Publisert

Barnet er eit vesen som enno ikkje er assimilert og disiplinert av utdanning og arbeidsliv. Barnet kan få den vaksne til å kome ut av vanetenkinga. Barneblikket på verda er i slekt med poesiblikket fordi verda for barnet framleis er fylt av moglege tydingar som ikkje har rotfest seg.

Hege Susanne Bergan er, i tillegg til å vere lyrikar, omsetjar av russisk skjønlitteratur. I Bergans tredje diktbok, Levepistolen, møter eller konfronterer barneperspektivet ståstaden til den vaksne. Då Cathrine Grøndahl gav ut Riv ruskende rytmer i 2009, ei poetisk utforsking av det å vere forelder, med vekt på omveltinga eit barn forårsakar i dagleglivet, representerte barnet ein ny dimensjon i samtidspoesien. Sidan har andre poetar gripe fatt i temaet.

Daglegliv

Sjølv om dagleglivet tek betydeleg plass i Bergans diktbok, er det likevel ikkje stresset, men gleda ved å ha barn og perspektivet barnet har på omverda, som spelar hovudrolla. Tittelen på diktboka, Levepistolen, kan lesast som eit våpen som får tinga i omverda til å verte fylt med liv att, og understrekar den leikande impulsen som forundrar og fascinerer vaksenblikket i desse dikta.

I Bergans diktbok er barnet uskuldsreint og har tilgang til ei ukjend verd, i mangt er det ein læremeister for dei vaksne, sjølv om ein ironisk distanse trer inn: «han spør og jeg svarer/ han som er barn og vet alt/ jeg som er mor og ikke vet noe». Sjølv om «barnet renner gjennom mor» og forelderen i dikta har sans for barneperspektivet, sit forelderen på den definerande makta som stenger og knuser den fortrolla barneverda.

Slåande bilete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement