Det nynorske blikketOver 680 sider gir Jan Inge Sørbø døme på kor rik den nynorske litteraturen er.Sakprosa
Over 680 sider gir Jan Inge Sørbø døme på kor rik den nynorske litteraturen er.
Jan Inge Sørbø må vere ein modig mann. Som den aller første har han skrive historia om den nynorske litteraturen – og det etter at kritikken mot litteraturhistorieskrivinga har vore hard, noko som har gitt nye innsikter i repertoaret som rår i denne slitne genren. Dessutan har gjenstanden for Sørbøs verk, den nynorske skjønnlitteraturen frå 1850, blitt til eit formidabelt tekstkorpus med hundretal av forfattarskap og tusenvis av bøker.
La det vere sagt: Jan Inge Sørbø har kome godt ut av denne dristige oppgåva. Den fremste kvaliteten ligg i bruksverdien verket presist tilbyr. Sørbøs retorikk er mild og balansert. Han skyr det stridbare og sarkastiske, sjølv om han viser at skrifta på nynorsk til tider har hatt rikeleg av slikt. Til grunn ligg eit imponerande lese- og skrivearbeid. Oversikta er klar med vurderingar som er grunngivne og dermed til å diskutere. Språket er norsk sakprosa prega av det solide og ujålete.
Triumferande
Sørbø får fram den avgjerande rolla skjønnlitteraturen har hatt for nynorsken, eit prosjekt som var drive fram av Ivar Aasens ambisjon om at landsmålet skulle bli det leiande norske språket. Slik kunne dette ha blitt historia om eit nederlag. Sigerherren blei Knud Knudsen og bokmålet.
Sørbø tonar raskt ned den quijotiske opphavsdraumen. Dermed kan også historia om den nynorske litteraturen tre fram som triumferande der han har gitt norsk kultur fleire av våre største forfattarskap, som Vinje, Garborg, Duun, Vesaas, Hauge, Fløgstad eller Fosse. Mellom yngre forfattarskap har signaturar som Gunnhild Øyehaug, Maria Parr, Ruth Lillegraven, Agnes Ravatn og Olaug Nilssen alt nådd tyngde.
Grunngivinga Sørbø gir for å skilje ut den nynorske litteraturen, ut over at oppdragsgivaren Det Norske Samlaget fyller 150 år, lyder slik: «Den har sitt eige språk, ei eiga stemme, eit eige blikk og nokre gjennomgåande tema.» Over 680 boksider gir Sørbø rike døme på kor produktivt dette kan vere. Rett nok er den einaste konstanten i veven det nynorske språket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.