Musikk

Det nye nord

Bak eit vrangt bandnamn og ein passe van­skeleg tittel skjuler eit blendande album seg.
 

Ingen av dei fire i Hen Ogledd er særleg gode i puslespel.
Publisert Sist oppdatert

Den walisiske nemninga hen ogledd, gamle nord, viser til dei keltiske kongedøma som fanst i det som i dag er Sør-Skottland og Nord-England i tidleg mellomalder. Wales og «gamle nord» rekna seg som eitt folk, eit kulturelt, mytisk og språkleg slektskap, saman omtala som cymry, landsmenn.

Ut frå denne sjølvforståinga og ikkje minst den mytiske tilnærminga og identitetsskapinga finn bandet Hen Ogledd seg sjølv. Gjennom fleire album har bandet bygd ein eigen folkemusikk, lent mot både keltisk stordomstid og poprefreng frå samtida.

Musikarane kjem frå ulike delar av det historiske området. Richard Dawson og kjærasten Sally Pilkington bur i Newcastle, harpist Rhodri Davies kjem frå Swansea i Wales, medan vokalist og keyboardist Dawn Bothwell er skotsk.

Dei siste tre Hen Ogledd-albuma har hatt denne kvartetten som kjerne. På alle andre vis er det alle moglege slags innfall og innhopp som gjer at bandet får ein slik unik klang. Ein kunne like gjerne kalle dei eit improvisert kollektiv.

Ute av fatning

Ordet discombobulated tyder å vere forvirra, ute av fatning, desorientert, med ein humoristisk undertone. Dette er eit underhaldande og livleg album som leiker med og vrir perspektivet på språk, historie og sjanger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement