Bok

Det monetære mekkaet

Svalbard har alltid lokka til seg folk med draumar. Gjerne om gull og sølv og store pengar. Jo lenger unna, dess større draumar.

Setel frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani.
Setel frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani.
Publisert

Bankmannen Morten Søberg er vår tids drøymar. Ikkje om handfast edelt metall, men om kodar av tal og bokstavar i lange rekkjer. Kryptovaluta og «non-fungible tokes», gjerne omtalt som NFT. «I stutte, folkelege drag er ein NFT eit digitalt prov på eigarskap til data», ifølgje han.

Søberg har valt å bruke Svalbard som ramme for forteljinga si, utgjeven som ei bok med mjukt omslag, med tittelen Svalbard! Pengar!. Til liks med tittelen, i versalar, utan omsveip, opnar boka med følgjande «reine ord for pengane»: «‘Alle’ har høyrt om bitcoin, ‘ingen’ har lese om Svalbard-pengar. Men både kryptovaluta og setel og mynt på Svalbard er og var ‘tufta’ på ulike former for gruvearbeid.»

Folk som syslar med kryptovaluta, held seg gjerne til eit språk som mystifiserer og underbyggjer myten om noko for dei innvigde. «Mining», som det gjerne vert kalla. Medan gruvearbeidarane av det «ikkje-virtuelle» slaget, dei som faktisk grev ut kol i mørke og djupe gruvegangar, nok ser på det heile med ein viss avstand.

Fritt og ledig

Forfattaren assosierer øyriket lengst nord i kongeriket med gruvearbeidarar, diesel, tunge maskiner, våpen, hjelmar, Sovjetunionen, fangstmenn, polarekspedisjonar, Orions belte, kvalross, låge skattesatsar, rust, geologi og så vidare og så vidare. Han gapar over det meste i eit fritt og ledig språk, frå Roald Amundsens ekspedisjonar til han forsvann med det franske flyet «Latham» sommaren 1928.

Han svingar innom stadnamn på Svalbard, som i ein kongeleg resolusjon i 1933 vart vedteke skrivne på nynorsk, til liks med språkforma i boka. Han flyg helikopter til Ny-Ålesund og køyrer snøskuter til Colesbukta og Hiorthhamn. Han legg ut på snøskutertur mot austkysten, truleg for å sjå etter isbjørn, eller kan hende nordover mot den nedlagde russiske gruvebyen Pyramiden. Kva målet er, kjem ikkje fram i boka, men turen endar med at Søberg og reisefølgjet snur på Rabotbreen i det vêret tetnar til og mørket sig på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement