Bok

Det meste er tomrom

Alt det lyse og alt det mørke er ein vellukka roman om lengt og einsemd.

Det eksistensielle prosjektet har prioritet hos Brynjulf Jung Tjønn, og med dette grepet er forfattaren på lag med Jon Fosse.
Det eksistensielle prosjektet har prioritet hos Brynjulf Jung Tjønn, og med dette grepet er forfattaren på lag med Jon Fosse.
Publisert

Verda vart til av inkje, heiter det frå mange hald, og ser ein stort på det, er det meste framleis tomrom. For å sleppa laus frå gravitasjonen til jorda lyt ein opp i ein fart på ikring 40.000 kilometer i timen, og med slikt eit tempo vil ferda til dei nyoppdaga planetane kring grannestjerna vår, Proxima Centauri, ta noko slikt som 113.000 år. Det er ein ørliten distanse i kosmisk samanheng. Akk ja.

Den nye romanen til Brynjulf Jung Tjønn, Alt det lyse og alt det mørke, handlar ikkje om universet, men om mennesket, og om fråstanden frå sinn til sinn. Først og fremst møter me Vibeke, dotter hennar, Hildegunn, og far hennar. Faren var ein dugande snikkar med små nevar og frynsete nervar; han levde åleine med Vibeke ein stad nær ein skog, der han fann tømmer til å byggja ei kyrkje. Men alt gjekk ikkje som det skulle, han fekk skulda for ei ulukke, og slike kjem som me veit sjeldan åleine. Den neste ulukka var ein farisear av ein prest, ei attergløyme frå glansdagane til inkvisisjonen, og han gjorde sitt til at snikkaren ikkje fekk fullføra arbeidet. Faren stakk kort og godt av til ein ukjend destinasjon, og Vibeke vart overlaten til ei tante, Liv Annette, eit menneske ein nok ikkje kunne nå fram til om ein reiste med lysfarten i tusen år.

Kjenslevart portrett

Brynjulf Jung Tjønn har med denne boka skrive eit imponerande nært og kjenslevart portrett av eit menneske, av Vibeke. Einsemda hennar, og lengten til faren, er skildra både med konduite og innleving. Det meste verkar absolutt plausibelt, om ein enn kan stussa litt no og då over kor direkte dei framande til tider konfronterer Vibeke og faren. Det var ei nordmanns vis, etter mi røynsle, for skort på vørdnad er helst reservert for familien og andre me kjenner så godt at me veit kor dumme dei eigentleg er. Dei framande står det age av, dei har ikkje røpa seg enno.

Det er det indre landskapet som er den viktigaste åstaden i denne romanen. Dei avgjerande konkrete hendingane dveler ikkje teksten ved. Dei skjer til dels utanfor boka, mellom anna lyt ein vera merksam for å få med seg at det vert sett fyr på kyrkja som far til Vibeke bygde. Reaksjonen er med andre ord meir sentral for teksten enn aksjonen, og der ligg det beste ved dette verket, for det er den personlege opplevinga av det som hender som gjer Vibeke til eit truverdig individ av litterær interesse.

Tidløyse

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement