Bok
Det menneskelege og det umenneskelege
Øyvind Vågnes skriv om krig, djup tid og kor skjørt det kollektive minnet er.
Øyvind Vågnes er forfattar, forskar, redaktør, omsetjar og musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Helge Hansen (Montag)
Eg vert glad når eg finn ein norsk roman som tek meg ut i den vide verda. Ei reise flyttar oss ikkje berre til ein annan stad, men fjernar oss frå kvardagen og kan gje nyttige perspektiv på livet. I tillegg til reisa er samtalene sentrale i Ei verd utan hestar, og dei finn stad i Amerika, i Vietnam, i Paris, i Bergen og på Finse. Dei reisande er ofte på veg tilbake, dit det hende, og gjerne på leit etter identitet.
Krig og gløymsle
Lengten vekk frå åket på den amerikanske garden driv immigranten Torjus inn i den amerikanske borgarkrigen. I den første delen av romanen finn vi Torjus midt i slaget ved Chickamauga. 140 år seinare er det norske oldebarnet hans, som òg heiter Torjus, på tur i USA. Han reiser saman med sonen Tord som deltek i rekonstruksjonen av slaget i heimelaga unionsuniform. Tord leitar etter spor av tippoldefaren som har fått ein slags heltestatus i familien. Men søket viser seg å vere vanskeleg, for historia sitt mørker sluker snart individa og løyner alle spor.
I skildringa til soldaten Torjus er det lite som minner om heltemot; for han er krigen redsle, utmatting og slump, i tillegg til tap av både identitet og den store kjærleiken.
Den yngre Torjus vart i ungdomen far til amerikanske Susan. Dei to lever separate liv på kvar si side av Atlanterhavet, og først seint i livet finn dei fram til kvarandre. I den andre delen av romanen er det Susan og dottera hennar Chloe som har ordet. Dei strir med fråverande fedrar, unnvikande mødrer og vanskelege samliv med partnarane sine. Her òg slår krigens øydeleggjande kraft inn på ulike vis og forplantar seg i det menneskelege terrenget.
Ei verd utan hestar famnar altså vidt når det gjeld tid, stad og tema. Romanen reiser i tid mellom slaget ved Chickamauga i 1863 og til ei tenkt framtid i 2039. Eget i forteljinga vekslar mellom fleire personar, og handlinga går føre seg fram og attende langs tidsaksen, med stadige innskotne tilbakeblikk. Det vert iblant krevjande å halde fylgje. Nokre gonger er tidspunktet gitt, andre gonger vert det først klart etter nokre sider, eller eg må orientere meg via omvegar, til dømes gjennom forhøyret av Ken Starr i Clinton–Lewinsky-saka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.