Kunst

Det meiningsfulle i det meiningslause

Når vi ser nærare etter, ser vi meir og meir det viktige i det verka formidlar.

Tania Solomonoff og Rita Ponce de León: «Uvitande saman, går til kvarandre»
Tania Solomonoff og Rita Ponce de León: «Uvitande saman, går til kvarandre»
Publisert

Det er inspirerande å sjå korleis dei tenkjer stort om kunst i Førde. Midt i sentrum glinsar den kvitlege og lyssette glasfasaden til Sogn og Fjordane Kunstmuseum mot oss. Den digre bygningen vart ferdigstilt i 2012, bygd i tråd med krava til kunst i vår tid. Bruksarealet er om lag 2400 kvadratmeter, med utstillingslokale i tre høgder.

Eg tok turen til Førde for å sjå Tretoppanes blygskap, utstillinga som er eit samarbeid med MARCO, museet for samtidskunst i Vigo nordvest i Spania og museet Frac Lorraine i Metz, som ligg i trelandsgrensa mellom Frankrike, Tyskland og Luxembourg. Dei tre musea heldt i 2016 konkurransen «Award for Young Curators». Av 120 deltakarar vann den spanske kuratoren Beatriz Alonso med prosjektet The Shyness of the Crowns. Utstillingane var viste i Frankrike og Spania i fjor og står i Førde fram til 3. juni. Kvar utstillingsstad har ein god del lokale tilpassingar.

Tretoppanes blygskap

I introduksjonsteksten i katalogen, som også er prenta på veggen ved inngangen til utstillinga, får vi forklart at utgangspunktet for utstillinga er det botaniske fenomenet crown shyness. Dette går ut på at enkelte treslag samspelar om korleis dei kan falde seg ut. Såleis kolliderer trekronene ikkje med kvarandre, og alle trea får gode vekstkår.

Her rir kuratoren på ei internasjonal bølgje. Kunstutstillingar verda over har sett søkjelyset på mennesket i naturen og naturen i mennesket. Men når eg ser på verka i utstillinga, finn eg ingen spor av skog i nokon av verka. Beatriz Alonso har brukt omgrepet som eit reint tankebilete og eit ideal som vi menneske må trå etter for å finne ein betre måte å leve saman på. Men treng ein gå til trea for å få denne visdommen?

Vi bør heller konsentrere oss om å oppleve verka. For dette er verkeleg ei god utstilling. Kuratoren har sett saman arbeida til ti svært interessante kunstnarar frå Europa og Amerika. Dette er namn vi kjenner att frå dei store internasjonale kunstmønstringane, og fleire stiller med dette ut for første gong i Noreg. Videoverka, fotografia og installasjonane deira spenner friskt i overraskande retningar, samstundes som dei fungerer godt saman. Tematisk krinsar verka på svært ulike måtar om eit kollektivt medvit, om eit samhald som veks fram på intuitiv vis, og utan tankar om økonomisk vinning eller personleg ære.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement