Det lyriske arbeidet til hendeneHåndbok inneheld opne og tenkjande dikt om det nye mennesket.DiktGunstein Bakke:
Håndbok inneheld opne og tenkjande dikt om det nye mennesket.
Gunstein Bakke tek for seg handa i den tredje diktsamlinga si.
Foto: Christian L. Elgvin / Oktober
Det finst tallause handbøker som enkelt skildrar korleis ein utfører ei rekkje praktiske oppgåver, alt frå strikking til skriving. Diktboka Håndbok av Gunstein Bakke siktar seg på sett og vis inn på dei manuelle og praktiske verksemdene, på handlaget og korleis ein gjer ting. Men Håndbok handlar ikkje berre om hendenes verk, men om handa sjølv, den kroppsdelen som strekkjer seg ut i verda og inngår i dei fysiske, endrande og stoffskiftande utvekslingane med omverda. Hendene grip inn i verda, lèt seg farge av ho, i motsetning til auga, som skil mennesket frå verda og gjer ho til eit fjernt objekt. Hendene gjer at mennesket kjem fri frå kroppen og seg sjølv: «imens står en kropp på et offentlig toalett/ skjelver foran et håndtak/ slipper ikke ut av seg selv». Hendene liknar kan hende meir på pusten.
Økopoetisk
I diktboka møter ein ormen, som ikkje har utvikla gripelemmar, og som freistar å vri seg ut or seg sjølv. Ein møter treet med greiner som ofte vert samanlikna med det menneskelege gripeorganet: «Jeg tegner en hånd der fingrene spriker/ som tegnet for et tre.» Barnet og guten, dei som er nye og uskuldige i verda, er også tilbakevendande motiv i dikt som ved langsam og oppmerksam lesnad opnar seg for lesaren lik ei hand.
Bakkes dikt fører ikkje inn i kroppen, men ut i omverda, til gjenstandane, dyra, plantane og andre biologiske vereformer. Siktemålet er ikkje å leggje desse vereformene under seg og skrive dei inn i det menneskeherskande perspektivet. Det er tale om å finne ein ny plass for mennesket: «Jeg prøver bare å komme herfra/ hvor det er mulig å høre løvets struper.» Slik kan ein seie at det finst eit økopoetisk tildriv i diktinga til Bakke der naturfenomena utanfor mennesket ikkje berre får auka verdi, men autonomi, slik at dei vert til «en spillemann gjort av sin egen musikk».
Spørjande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.