Teater
Det gyntske livet i revy
Den retrospektive vrien på klassikaren Peer Gynt bringar han nær att.
Svein Tindberg som knappestøyparen, Jan Grønli som ein yngre Peer og Toralv Maurstad som den gamle Peer.
Alle foto: Stig Håvard Dirdal
Vi blir aldri ferdige med Peer Gynt, og det rare er at vi blir aldri trøytte av han heller. Med både stormannsgalenskapen og feigskapen sin treffer han oss i magen om att og om att, anten han vender tilbake i tradisjonell eller meir utforskande skapnad.
Denne gongen har Det Norske Teatret teke utgangspunkt i det kritiske møtet mellom den gamle Peer (Toralv Maurstad) og Knappestøyparen (Svein Tindberg), som vil ha Peer til å ta følgjene av at han aldri har vore tru mot seg sjølv. Med desse to som ciceronar får vi historia til Peer Gynt i minnesbrokkar, representert ved mellom anna sju ulike yngre Peerar.
Nye blikk
Det uventa ukronologiske i handlingskapitla gjev, mest som gjennom eit prisme, nye og overraskande blikk på hendingane. Både personane og scenebiletet har ein skrå, halvfigurativ kvalitet som først fascinerer åleine, men som etter kvart gjev dialogane ei ekstra kraft.
Scenografien er dominert av ei kløyvd regnbogebru med trapper, der både hav, natur og ørken vert projiserte. Musikken vakar diskret i bakgrunnen, med glimt av velkjende gyntske Grieg-motiv, mellom mykje anna.
Konfliktar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.