Bok
Det farlege kjem innanfrå
Smeltet er ein eminent roman om destruktive krefter i mennesket.
Lize Spit fekk fleire prisar for debutromanen som òg var den mestseljande boka i Belgia i 2016.
Foto: Frank Ruiter
Eit troll er eit vesen som kan ha mange hovud. Ingen av dei er kloke, og samla er dei dummare enn det dummaste av dei åleine. Kimen til det trolske finst i alle, men der eksisterer som regel andre eigenskapar å odla også. Medvit om ansvaret for dette veks sjeldan spontant fram i miljøet. Sivilisasjon er ikkje noko ein er fødd til. Det må lærast, og lærdomen har kontinuitet som føresetnad.
Utan historie
I romanen Smeltet av belgiske Lize Spit møter me klassekameratane Eva, Pim og Laurens, dei tre einaste borna som kom til verda i landsbyen Bovenmeer i 1988. Eva fører ordet i boka, der teksten er ei parallellkopling av ulike tidsplan, med notida, truleg vinteren 2015, og sommarmånadane i 2002 som dei viktigaste. Eva har ei drikkfeldig mor og ein far ho ikkje finn nokon god grunn til å vera glad i, samt ei yngre syster, Tesje, og ein eldre bror, Jolan. Pim er bondeson, medan familien til Laurens driv med slakteri og sal av såkalla feitevarer. Ja, så er dei visst ganske feite òg. Jan, den eldre broren til Pim, har mista livet i ei ulukke, me får berre nokre ymt om dette først, men det vert etter kvart tydeleg at denne hendinga på same tid er både perifer og sentral i boka.
Utan at forfattaren strekar under noko som helst, kjenner ein på seg at Pim er den som styrer trekløveret av jamaldringar, og det han styrer mot, er sjeldan av det gode. Det tek til i det små og nesten uskuldige, Pim og Laurens rangerer jentene dei kjenner, med unnatak av Eva, etter eit poengsystem, og finn ut at dei skal setja rangeringa på prøve ved å lokka desse jentene til å kle av seg. Eva vert beden om å finna på ei gåte, og det gjer ho. Jentene skal så få sjansen til å vinna to hundre euro om dei løyser gåta. Dei får stilla spørsmål, men for kvart urett svar lyt dei kle av seg eitt plagg. Dette utviklar seg så til noko av eit mareritt, og heile tida merkar ein at Pim er den mest ekstreme, men ofte på ein slik måte at han, sjølv når han ikkje gjer noko, får dei andre til å justera handlingane slik dei truleg meiner at han tykkjer dei skal vera. Her er me ved kontinuitetsbristen i miljøet, dei vaksne er ikkje til stades som korrektiv og førebilete, ungane oppdagar verda åleine, dei er utan historie og dermed skortar det stygt på sivilisasjonen.
Meisterleg dramaturgi
Den tjukke boka er skriven så rett fram at ein knapt legg merke til at ein les, det går unna med liten annan motstand enn uviljen mot dei vonde hendingane. Romanen høyrer ikkje til i kategorien feelgood, men dei presise og effektive skildringane av folk og miljø er ofte underhaldande, og somme tider til dels morosame.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.