Det er saman vi er sterkeRedaktør Helena Brodtkorb har sørgd for eit stort spenn i denne boka, både i tema og alder.

Redaktør Helena Brodtkorb har sørgd for eit stort spenn i denne boka, både i tema og alder.

#Notme, seier Åsne Seierstad.
#Notme, seier Åsne Seierstad.
Publisert

Forfattaren Ida Jackson opnar feministantologien Det skjer nå med ei skildring som festar seg med mothakar. Ho teiknar harde, vonde bilde av seg sjølv som fjortenåring i møte med invaderande, skakande seksuelle erfaringar. Jackson vil at gutar og menn lærer om eigen seksualitet og grenser, om det finstemte og grunnleggjande. For korleis førebur vi, i denne pornoens grenselause tid, søner og døtrer på det som i verste fall kan skje i eit rom med unge tenåringar?

Vi er inne i den fjerde feministbølgja, med kraft henta frå #metoo. Den krafta får også æra for at det i haust kjem mange bøker med feministisk innhald, blant dei Ulyd, redigert av Hedda Lingaas Fossum, Jenteloven av Ulrikke Falch og Sofie Frøysaa, og Brev til en ufødt datter av Anne Bitsch.

Stort spenn

Den eldste skribenten er 80, den yngste er 24 og ei kjent stemme blant dei skamlause arabiske jentene, Sofia Srour. Ho er sikker på at frigjeringskampen mot æreskultur og patriarkat må alle ta sjølve. Ho avviser at den norske kvinnerørsla har svikta minoritetskvinnene: «Ingen kan eller skal redde oss: det må komme innenfra, det må komme fra oss selv.» Men det skjer ikkje i eit tomrom, ho er med i eit livsviktig søsterskap.

Caroline Marita Omberg fortel om åra som strippar og pornoskodespelar, det var lærerike år. Nå slår ho fast at behovet for å kle av seg er blitt erstatta av eit behov for å kle av kjenslene. Kanskje har ho levd ut Suzanne Brøggers prosjekt om å fri oss frå kjærleiken og den monogame kannibalismen. I alle fall er dei to samde om at ein kan få eit rikare liv ved å risikere noko. Feminist er ho blitt og foredragshaldar: Ho reiser rundt og snakkar med ungdom om skilnaden på sex og porno.

Og behovet for å kle av seg er slett ikkje Omberg åleine om, som vi kvar dag er vitne til. Maria Kjos Fonn, aktuell med boka Kinderwhore, spør i artikkelen «Kropp til salgs»: «Hvorfor skal så mange kvinner kle av seg for å bevise at de også er gode nok? God nok for hvem?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement